Grunngebyr

Grunngebyret skal dekkje dei generelle oppgåvene i sakshandsamingsprosessen som er uavhengig av tiltakets art, kompleksitet og storleik m.m. Til dømes mottak av søknad, innregistrering, journalføring og arkivering. Ferdigattest som utstedes i løpet av fem år etter opphavleg byggeløyve dekkjast også av grunngebyret. 

  • Grunngebyr for søknadspliktige tiltak sendt inn gjennom elektronisk søknadsportal, per søknad, kr 3 646,- 
  • Grunngebyr for søknadspliktige tiltak sendt inn på papir og e-post, per søknad, kr 4 271,-

§ 3.3 Matrikkelføringsgebyr

For tiltak etter pbl skal det betalast matrikkelføringsgebyr som skal dekkje kostnadene knytt til arbeid som må gjerast i matrikkelen. Arbeid i matrikkelen aukar proporsjonalt med tal på brukseiningar og det skal betalast eit registreringsgebyr per brukseining. Gebyret skal og betalast ved endring av brukseining. 

  • Registreringsgebyr søknadspliktige tiltak m. ansvarsrett, per brukseining, kr 2 813,- 
  • Registreringsgebyr søknadspliktige tiltak u. ansvarsrett, per brukseining, kr 2 188,- 

§ 3.4 Tilleggsgebyr ved mangelfull søknad, kr 3 438,-

Dersom søker ikkje har komplett søknad etter første mangelbrev frå kommunen, kjem det gebyr for kvart følgjande mangelbrev som blir sendt.