Barnevernet si undersøking i heimen
Kort fortalt
Barnevernet kan følgje opp ei bekymringsmelding med ei undersøking i heimen til barnet. Då tek barnevernet kontakt og avtaler ei heimegjesting.
Beskrivelse
Barnevernet har ei plikt til å undersøkje om barnet har det bra i heimen sine, og foreldre kan ikkje nekte at undersøkinga blir gjord. Men både foreldre og barnet har rettar og barnevernet har plikter til korleis undersøkinga skal gjennomførast:
- Ei heimegjesting er som ein samtale der både foreldre og barnet deltek. Foreldra får vite innhaldet i bekymringsmeldinga og får høve til å fortelje synet sitt på familiesituasjonen og korleis dei har det.
- Barnet skal få seie meiningane sine og skal kunne fortelje fritt, men berre dersom barnet sjølv ønskjer.
- Undersøkinga skal følgje ein plan og vurderingane skal vere skriftlege. Foreldra skal få informasjon om barnevernet sine vurderingar.
- Undersøkinga skal gjerast så skånsamt som mogeleg for familien og skal ikkje undersøkje meir enn det som er nødvendig for å finne ut korleis barnet har det.
- Barnevernstenesta skal ta omsyn til familien sin kultur, etnisitet, språk og religion.
- Barnevernet kan krevje å få snakke med barnet i einerom, eller i nokre tilfelle at barnet skal undersøkjast på sjukehus.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Regelverk
Dette er ei lovpålagd oppgåve. Sjå barnevernlova § 1-4, § 2-2 og § 2-5, 12-4 og 12-5, 12-6, 12-7 og 12-9 om klage.Lover
Klagemulighet
Dersom barnevernet fattar eit vedtak som du ikkje er einig i, kan du klage. Du klagar til barneverntenesta innan tre veker etter at du mottok vedtaket. I klaga kan du forklare kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Klaga skal sendast til barneverntenesta, men dersom du ikkje får medhald i klaga blir saka send vidare til statsforvaltaren som tek det endelege vedtaket. Barn som er i kontakt med barnevernet kan også klage. Klaga går direkte til statsforvaltaren. Klag direkte her Lenke til et annet nettsted..
2023 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 04.01.2023
Relatert informasjon
Relaterte artiklar
- Child Welfare
- Contact with Children in Public Care
- Devlet koruması altında bulunan çocuklarla görüşme
- Droit de visite à un enfant pris en charge par l’état
- Ovttastallan mánáin mat leat almmolaš ásahusa fuolahusas
- Samvære med barn under offentleg omsorg
- Samvær med barn under offentlig omsorg
- Общение с детьми под официальным присмотром
- الالتقاء بالطفل الخاضع للرعاية الحكومية
- Care Order
- Omsorgsovertakelse av et barn
- Omsorgsovertaking av eit barn
- Bekymringsmelding til barnevernet
- مؤسسة حماية الأطفال (الإبلاغ)
- Mánáidsuodjalusbálvalus (dieđáhus)
- Çocuklar için sosyal yardım servisi (bildiri)
- Concern Report to Child Welfare Services
- Service de protection de l’enfance (signalement)
- Служба защиты детей (сигнал обеспокоенности)
- Barnevernet - Hjelpetiltak
- Mánáidsuodjalusbálvalus (veahkkedoaimmat)
- Service de protection de l’enfance (mesures d’aide)
- مؤسسة حماية الأطفال (إجراءات المساعدة)
- Barnevernet - Hjelpetiltak
- Служба защиты детей (мероприятия по помощи семьям)
- Child Welfare Services – Support Measures
- Çocuklar İçin Sosyal Yardım Servisi (yardım önlemleri)
- Fosterheim / Å vere fosterheim
- Fosterhjem / Å være fosterhjem
- Bekymringsmelding til barnevernet
- Besøksheim / Å vere besøksheim
- Ressursperson fritid og aktivitet, støttefamilie eller vertsfamilie
- Ettervern - til deg som blir 18 år
- Om barnevernet
- Send sikker digital post til barnevernet
- Barnevernet
- Klage
- Bekymingsmelding
- Hjelpelinjer
Sist oppdatert
