Bekymringsmelding til barnevernet
Kort fortalt
Vil du melde frå om barn som har det vanskeleg eller blir utsett for omsorgssvikt? Då kan du sende ei bekymringsmelding til barnevernet i din kommune. Barnevernet er avhengig av meldingar om uro for å kunne gi barn som treng det nødvendig hjelp, omsorg og beskyttelse.
Beskrivelse
Ei bekymringsmelding kan kome frå foreldra eller frå barnet sjølv, eller andre privatpersonar som kjenner barnet. Barnevernstenesta mottek også bekymringsmeldingar frå andre offentlege styresmakter som skule, helse og politiet. Når du har sendt inn ei bekymringsmelding, vurderer barnevernet om meldinga skal følgjast opp med ei undersøking i heimen. Dette skal barnevernet gjere innan ei veke frå dei mottek meldinga. Det kan hende barnevernet tek kontakt med deg for å få meir informasjon. Det er mogeleg å sende inn ei bekymringsmelding anonymt. I bekymringsmeldinga skal du skildre kva du har sett eller høyrt som gjer at du er uroleg. Vêr klar over at familien ofte får sjå meldinga.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Regelverk
Dette er ei lovpålagt oppgåve. Sjå spesielt barnevernslova § 2-1.Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Digital bekymringsmelding
Bekymringsmelding til barnevernet (ks.no.) Lenke til et annet nettsted.
Når du bruker Nasjonal portal for bekymringsmelding, får barnevernet vite namnet ditt. Barnevernet vil i dei fleste tilfelle opplyse familien om kven som har meldt uro, også sjølv om du helst ville vore anonym. Dette er fordi barnevernet ofte ikkje har moglegheit til å halde denne opplysinga skjult for familien. Det er også enklare for barnevernet å gjere ein god jobb når dei kan snakke med familien om kven som er uroleg, og kvifor. Dersom du ønskjer å vite meir om kva det inneber for deg at du ikkje er anonym, kan du ringje barnevernet i kommunen.
Dersom du vil vere anonym, kan du ringe eller sende brev i posten
Dersom du likevel ønskjer å vere anonym, kan du ikkje nytte Nasjonal portal for bekymringsmelding. Då kan du laste ned eit skjema og sende bekymringsmeldinga i posten utan å oppgje kven du er. Du kan også ringje barnevernet direkte, og la vere å seie namnet ditt.
Finn di lokale barnevernvakt | Barnevernvakten Lenke til et annet nettsted.
Saksbehandling
Når du har sendt ei bekymringsmelding om eit barn, skal den alltid følgjast opp av barnevernet. Barnevernet gjer ei vurdering av kva slags hjelp barnet og familien treng. Barnevernet har teieplikt, derfor får du ikkje informasjon om korleis barnevernet følgjer opp barnet og familien. Dersom situasjonen for barnet framleis er uroleg eller har forverra seg, er det viktig at du tek kontakt med barnevernstenesta i kommunen på nytt.
Saksbehandlingstid
Barnevernet skal gjennomgå innkomne bekymringsmeldingar så fort som mogeleg for å fange opp eventuelle akutte hjelpebehov. Dersom ein bekymringsmelding ikkje er akutt, skal den likevel behandlast innan ei veke etter at den er motteken.
2025 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 11.08.2025
Relatert informasjon
Lenkjer
- Betre tverrfagleg innsats (BTI) - Bømlo kommune
- Betre tverrfagleg innsats (BTI) - Fitjar kommune
- Betre tverrfagleg innsats (BTI) - Stord kommune
- Fysisk og psykisk vald i nære relasjonar: Valdsfri.no
- Krisesenter Vest IKS
- Seksuelle overgrep: Kompetansesenteret Nok.Bergen
- Seksuelle overgrep: valdtektsmottak på Helse Fonna
- Vald og overgrep: nasjonal rettleiar Dinutvei.no
Relaterte artiklar
- Om barnevernet
- Send sikker digital post til barnevernet
- Bekymingsmelding
- Hjelpelinjer
- Klage
- Omsorgsovertakelse av et barn
- Omsorgsovertaking av eit barn
- Contact with Children in Public Care
- Devlet koruması altında bulunan çocuklarla görüşme
- Droit de visite à un enfant pris en charge par l’état
- Ovttastallan mánáin mat leat almmolaš ásahusa fuolahusas
- Samvære med barn under offentleg omsorg
- Samvær med barn under offentlig omsorg
- Общение с детьми под официальным присмотром
- الالتقاء بالطفل الخاضع للرعاية الحكومية
- Care Order
- Child Welfare
- Barnevernet - Hjelpetiltak
- Mánáidsuodjalusbálvalus (veahkkedoaimmat)
- Service de protection de l’enfance (mesures d’aide)
- مؤسسة حماية الأطفال (إجراءات المساعدة)
- Barnevernet - Hjelpetiltak
- Служба защиты детей (мероприятия по помощи семьям)
- Child Welfare Services – Support Measures
- Çocuklar İçin Sosyal Yardım Servisi (yardım önlemleri)
- Barnevernet si undersøking i heimen
- Bekymringsmelding til barnevernet
- مؤسسة حماية الأطفال (الإبلاغ)
- Mánáidsuodjalusbálvalus (dieđáhus)
- Çocuklar için sosyal yardım servisi (bildiri)
- Concern Report to Child Welfare Services
- Service de protection de l’enfance (signalement)
- Служба защиты детей (сигнал обеспокоенности)
- Krisesenter
- Vald og overgrep
- Helsestasjon for ungdom og studentar
- Fosterheim / Å vere fosterheim
- Fosterhjem / Å være fosterhjem
- Besøksheim / Å vere besøksheim
- Ressursperson fritid og aktivitet, støttefamilie eller vertsfamilie
- Ettervern - til deg som blir 18 år
- Barnevernet
Sist oppdatert
