Omsorgsovertaking av eit barn
Kort fortalt
I nokre alvorlege situasjonar er det best for barnet å bu ein annan stad enn heime. Det kan vere at hjelpetiltaka til barnevernet ikkje fungerer eller at barnet har store åtferdsproblem. Barnevernet kan då skaffe barnet ein mellombels heim i ein institusjon eller ein fosterheim. Det blir altså barnevernet som har ansvar for den daglege omsorga. Men det vil framleis vere foreldra som kan avgjere einskilde grunnleggjande avgjerder, blant annan type skule, val av trusretning eller endring av namn.
Beskrivelse
Ei omsorgsovertaking skjer berre i alvorlege tilfelle og kan skje med eller utan foreldra sitt samtykke. Når barnevernet vurderer barnet sin situasjon som så alvorleg at den bør bort frå heimen, må saka avgjerast i eit nøytralt organ, som er barneverns- og helsenemnda. Det er dei som gjer den endelege avgjerda etter at foreldra, barnet og barnevernet er blitt høyrt. Dersom du opplever å bli fråteken omsorga for barnet ditt, vil du kunne få hjelp og støtte både frå barnevernet i din kommune og frå familievernkontoret. I utgangspunktet er ei omsorgsovertaking mellombels og barnevernet vil jobbe saman med foreldra for at barnet skal få flytte heim igjen. Du har også rett til samvær med barnet.
Kriterier
Kriterium for omsorgsovertaking kan vere:
- at det er alvorlege manglar ved den daglege omsorga som barnet får, eller alvorlege manglar i den personlege kontakten og tryggleiken som det treng etter alderen og utviklinga si
- at foreldra ikkje sørgjer for at eit sjukt eller funksjonshemma barn får dekt behovet sitt for behandling og opplæring
- at barnet blir mishandla
- at det er fare for at barnet si helse eller utvikling vil bli skadd.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Regelverk
Sjå spesielt barnevernslova kapittel 5, kapittel 7, § 8-3 og kapittel 14.Lover
Praktiske opplysninger
Saksbehandling
Barnevernstenesta i kommunen legg fram sak om omsorgsovertaking overfor barneverns- og helsenemnda. Nemnda sørgjer for at foreldre får ein advokat og at barnet får ein talsperson. Deretter blir forhandlingsmøte haldne med alle partar til stades. Det er nemnda som avgjer sak om omsorgsovertaking. ( Lenke til et annet nettsted.Barneverns- og helsenemnda (bvhn.no) Lenke til et annet nettsted.
Saksbehandlingstid
Vedtaket skal vere klart seinast innan to veker etter at forhandlingsmøtet er avslutta. Når barneverns- og helsenemnda har vedteke omsorgsovertaking, skal barnet flyttast så snart som mogeleg. Vedtaket sluttar å gjelde dersom barnet ikkje er flytt innan seks veker.
Klagemulighet
Eit vedtak om omsorgsovertaking kan ankast til domstolen. I akutte situasjonar, der det ikkje er tid til å vente på ei nemndsbehandling, kan barnevernet i kommunen fatte eit akuttvedtak om omsorgsovertaking. Du kan klage på eit akuttvedtak direkte til barneverns- og helsenemnda, anten munnleg eller skriftleg. Når du klagar, får du valt ein advokat som vil ta hand om saka for deg.
2024 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 06.03.2024
Relatert informasjon
Relaterte artiklar
- Omsorgsovertakelse av et barn
- Child Welfare
- Contact with Children in Public Care
- Devlet koruması altında bulunan çocuklarla görüşme
- Droit de visite à un enfant pris en charge par l’état
- Ovttastallan mánáin mat leat almmolaš ásahusa fuolahusas
- Samvære med barn under offentleg omsorg
- Samvær med barn under offentlig omsorg
- Общение с детьми под официальным присмотром
- الالتقاء بالطفل الخاضع للرعاية الحكومية
- Care Order
- Barnevernet - Hjelpetiltak
- Mánáidsuodjalusbálvalus (veahkkedoaimmat)
- Service de protection de l’enfance (mesures d’aide)
- مؤسسة حماية الأطفال (إجراءات المساعدة)
- Barnevernet - Hjelpetiltak
- Служба защиты детей (мероприятия по помощи семьям)
- Child Welfare Services – Support Measures
- Çocuklar İçin Sosyal Yardım Servisi (yardım önlemleri)
- Bekymringsmelding til barnevernet
- مؤسسة حماية الأطفال (الإبلاغ)
- Mánáidsuodjalusbálvalus (dieđáhus)
- Çocuklar için sosyal yardım servisi (bildiri)
- Concern Report to Child Welfare Services
- Service de protection de l’enfance (signalement)
- Служба защиты детей (сигнал обеспокоенности)
- Barnevernet si undersøking i heimen
- Fosterheim / Å vere fosterheim
- Fosterhjem / Å være fosterhjem
- Besøksheim / Å vere besøksheim
- Bekymringsmelding til barnevernet
- Ressursperson fritid og aktivitet, støttefamilie eller vertsfamilie
- Ettervern - til deg som blir 18 år
- Om barnevernet
- Send sikker digital post til barnevernet
- Barnevernet
- Bekymingsmelding
- Hjelpelinjer
- Klage
Sist oppdatert
