Skal du overføre areal mellom tilstøytande matrikkeleiningar (eigedommar), må du søkja om arealoverføring etter plan- og bygningslova, jf. plan og bygningslova §20-1 bokstav.  Arealoverføring opnar for å overføre større areal mellom to eigedommar enn kva som er mogleg ved ei grensejustering.

Bruk begge skjemaene «Søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett» og «Krav om matrikulering med rekvisisjon av oppmålingsforretning». Krav om matrikullering må underskrivast av alle eigarar av eigedomane. Korleis grensene vert endra må visast på ein situasjonsplan. Søknaden må nabovarslast. 

Arealoverføring må vere i tråd med gjeldande reguleringsplan og/eller kommuneplanen, jf. plan og bygningslova §26-1. Evt. kan det søkjast om dispensasjon. 

Les meir om handsaming og krav til søknad om arealoverføring under deling av eigedom (frådeling).

Om søknaden vert godkjent vert saka sendt vidare til en landmåler for vidare gjennomføring. Før ei godkjent arealoverføring kan gjennomførast må det ryddast opp i eventuelle pengeheftelsar og urådigheiter som råkar eigedomen som skal avstå areal. Landmålaren vil informera om dette. Når alle nødvendige ting er ordna vil landmålaren innkalle partane til en oppmålingsforretning i marka.

Ulik eigar på dei involverte eigendomane

Om det er ulik eigar på kvar side av grensa, må skjemaet «Erklæring om arealoverføring» fyllast ut. Skjemaet fungerer som skøyte og sikrar at arealet vert overført frå den tidligare til den nye eigaren. På skjemaet må det førast på kjøpesum og antatt marknadsverdi av arealet. Tinglysingen reknar ut dokumentavgift på 2,5 % av marknadsverdien.

Same eigar

Om same person eig begge dei involverte eigedomane er det ikkje naudsynt å fylla ut «Erklæring om arealoverføring». Det vert difor ikkje krav om dokumentavgift på overføringa. Eigar må signera på arealoverføringa i protokollen. Saka vert sendt vidare til tinglysing.