Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Bålbrenning / opptenning av eld utandørs

I perioden 15. april til 15. september er det eit generelt forbod mot å gjere opp ild i eller i nærleiken av skogmark utan særskilt løyve. For annan type opptenning, som f.eks. flatbrenning, er det spesifikke krav og reglar.

Tenesteomtale

Du kan altså brenna hageavfall eller tenna Sankthansbål utan å innhente løyve, så sant dette ikkje skjer i eller i nærleiken av skog og utmark og tilhøva elles gjer det forsvarleg. Likevel bør du gje melding til brannvesenet via meldeskjema

Det er viktig å vere klar over at du har plikt til å vise aktsemd. Brot på aktsemdplikta kan føre til både straffe- og erstatningsansvar. Ver merksam på at brannsjefen alltid kan forby opptenning eller krevje at du sløkkjer open eld dersom det er openberr brannfare.

Flatebrenning/ brenning av hogstavfall

Om du skal utføre flatebrenning eller brenne hogstavfall i skogmark, eller utføre gras- eller lyngsviing i eller i nærleiken av skog og utmark, er det eit krav at det skal vere ein ansvarleg leiar. Vedkommande skal utarbeide planar for brenninga og skal sjå til at brenninga skjer på ein forsvarleg måte. Send melding til brannvesenet i god tid før brenninga skal gjennomførast. Brannvesenet avgjer om det er ønskjeleg å sjå planane. Dette vil først og fremst vere aktuelt i samband med jord- og skogbruksverksemd. Det generelle forbodet mot open eld i skog og utmark i perioden 15. april til 15. september gjeld ikkje slik brenning.

Generelle reglar for bålbrenning i Stord kommune

  1. Det er forbode å gjera opp eld på ein slik måte at det kan føre til brann.
  2. Brenning av produksjonsavfall er ikkje tillate. Slikt avfall skal leverast til godkjend deponi.
  3. Små mengder hageavfall kan brennast, men må ikkje innehalde forbruksavfall, plast o.l. Utanom perioden 15.09.-15.04. må ein melde om utandørs brenning. Sjå skjema til høgre. Ved spørsmål kan ein ta kontakt på vakttelefon: 975 52 059.
  4. Bråtebrenning og kaffibål i skog og utmark er berre tillate i perioden 15.09. til 15.04.
  5. All brenning i mørke er ulovleg.
  6. Det skal meldast frå til brannvesenet om alle Sankthansbål. Bruk søknadsskjema til høgre.
  7. Ulovleg brenning som fører til utrykking kan medføre krav om kostnadsdekning frå kommunen.
  8. Brannsjefen er kommunen sin kontaktperson når det gjeld bålbrenning.

Omsyn til miljø

Utslepp ved open brenning er ofte høge og bør difor unngåast. Bålbrenning vert difor som hovudregel rekna som uakseptabel avfallshandtering. Bålbrenning som fører til forsøpling av eit område, er ikkje tillate.

Omsyn til helse og trivsel

Røyken frå småbrenning kan føre til helse- og trivselsproblem, særleg for folk med luftvegssjukdomar. Kommunelegen kan stogga bålbrenning om det er fare for helseskader.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Sjå spesielt forskrift om brannforebygging § 3.

Forskrift om brannforebygging
Brann- og eksplosjonsvernloven

Kontakt

Stord brann og redning

Vakttelefon 975 52 059

Tenesta oppdatert: 19.09.2023 12:13