Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Den kulturelle spaserstokken

Generelt

Kulturopplevingar skal vera ein del av kvardagen til eldre og personar med bistandsbehov i Stord kommune.

Eldre og personar med bistandsbehov skal oppleve kunst og kultur på eit høgt profesjonelt nivå fleire gongar i året. Det kan vera innan musikk, scenekunst, litteratur, visuell kunst, biletkunst/kunsthandverk og kulturhistorie.

Organisering

Koordinering

Realisering og utvikling av den kulturelle spaserstokken skjer i eit nært samarbeid med omsorgssektoren og Kulturtenester.

Ein representant frå eininga Kulturtenester og ein representant frå omsorgstenester samarbeider om koordineringsansvaret.

Arrangement er finansiert av statlig tilskottsordning og kommunal finansiering.

Målgruppe

Eldre i Stord kommune, også dei eldre og rørslehemma som bur på institusjonar og eldresentra.

Kontakt

Kulturtenester

Konsulent Guri Andresen Aksnes

Tlf: 53 49 69 63

Klikk her for å sende e-post til kulturtenester

Tjenesten oppdatert: 18.01.2018 13:19