Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Klimaavhengige skadar i plante- og honningproduksjon

Du kan søkje om erstatning for produksjonssvikt som skuldast klimatiske tilhøve som du ikkje kan sikre deg mot.

Tenesteomtale

Du kan søkje om erstatning for produksjonssvikt som er forårsaka av klimatiske forhold.
Ved klimaavhengige skadar i plante- og honningproduksjon kan det gjevast erstatning ved

  • avlingssvikt
  • svikt i honningproduksjonen.

Erstatningsordningane har som føremål å redusere økonomisk tap som det ikkje er mogleg å sikre seg mot.

Klimatiske forhold kan vere

  • tørke
  • store nedbørsmengder
  • flaum
  • frost
  • dårleg blomstring for honningproduksjon.

Målgruppe

Landbruksføretak som

  • er registrerte i Einingsregisteret
  • driv vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire landbrukseigedomar.

Kriterium/vilkår

Ordninga gjeld dersom:
  • Skadane er grunna klimatiske forhold (vêret) som det ikkje er mogeleg å teikne privat forsikring mot.
  • Føretaket driv sin fagleg forsvarleg, og hindrar og avgrensar skadane. 
  • Produksjonen må vere mindre enn 70 % av gjennomsnittsproduksjonen per biekube.
  • Du gir umiddelbar melding til kommunen om skaden.
  • På skadetidspunktet må du ha oppfylt vilkåra for å få produksjontilskot.

Pris for tenesta


Samarbeidspartnarar


Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Før du søkjer må du melde frå til kommunen om det som har skjett. Meld frå så fort du kan, men seinast innan 15. september. Deretter søkjer du om erstatning. Du søkjer om erstatning ved å fylle ut eit skjema frå Landbruksdirektoratet som du sender til kommunen. Fristen for søknad om erstatning er 31. oktober den året svikta oppstod.

Saksbehandling

Kommunen skal uttale seg om søknaden før saka blir sendt til statsforvaltaren, som avgjer saka.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom statsforvaltaren lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Landbruksdirektoratet, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Kontakt

Stord Fitjar landbruks- og miljøkontor

Aase Nøttveit

Tlf. 53 45 85 48
aase.nottveit@fitjar.kommune.no

Anette Mek Vik

Tlf. 53 45 85 40
anevik@fitjar.kommune.no 

Tenesta oppdatert: 06.03.2024 12:37