Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Gravplass

Bur du i kommunen, har du rett til fri gravplass der, men det eksisterer også andre rettar og krav du må ta omsyn til.

Tenesteomtale

Alle som har bustad i kommunen, har rett til fri gravplass i kommunen. Kyrkjeleg fellesråd (eller kommunen)  kan gi løyve til at også personar utan bustad i kommunen kan få gravplass.
 
Fri gravplass varar i 20 år. Dette blir kalla fredingstida. Dersom dei attlevande ønskjer, kan dei leige (feste) gravplassen vidare for nye 20 år av gongen.  
 
Statsforvaltaren kan gi løyve til oskespreiing eller ein privat gravstad som eit alternativ til gravlegging på offentleg gravplass. 

Kriterium/vilkår

Fredingsperioden for ei grav er minimum 20 år. Ein kan ikkje leggje festeavgift på ei fri grav i fredingsperioden. Etter at fredingsperioden er over, kan ei fri grav nyttast til ny gravlegging og festast. Festetida skal ikkje vere lenger enn 20 år. Festet kan likevel fornyast.

Lover

Rett til gravplass er ei lovpålagd oppgåve for kommunen. Sjå spesielt gravplasslova § 6 og § 8. 

Gravferdsforskriften
Gravplassloven

Kontakt

Stord kyrkjelege fellesråd

Til nettsida kyrkjastord.no

Tenesta oppdatert: 27.01.2023 10:10

Priser

Tjenester