Heimeundervisning
Foreldre kan velje å undervise sine eigne barn, men opplæringa skal innehalde det same som opplæringa på ein skule.
Tenesteomtale
Foreldre/føresette til elevar i grunnskulen kan undervise sine barn heime om dei meiner at dette er best ut frå ideologiske eller religiøse/livssynsmessige grunnar. Kommunen fører tilsyn med heimeundervisninga i samarbeid med foreldra / dei føresette og kan også kalle inn barnet eller ungdommen til særskilte prøver. Dersom krava i lova til heimeundervisning ikkje er tilfredstilte, skal kommunen krevje at barnet byrjar i skule. Elevar som får heimeundervisning, har ikkje rett til spesialundervisning.
Kommunen har ikkje plikt til å halde elevane med lærebøker og undervisningsmateriell når dei får heimeundervisning. Retten til heimeundervisning gir ikkje rett til økonomisk kompensasjon frå kommunen.
Kriterium/vilkår
Det blir ikkje kravd at du har formell pedagogisk kompetanse. Innhaldet i undervisninga må følgje dei vilkåra som er gitt i opplæringslova med forskrifter. Det må trekkjast grenser mellom privat heimeundervisning og skoleverksemd. Om du underviser barna til andre, er det skuleverksemd som må godkjennast av departementet.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Lover
Opplæringslova §§ 2-1, 2-13 og 14-2
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Du melder skriftleg frå til kommunen om at du skal starte med heimeundervisning.
Tenesta oppdatert: 08.03.2021 11:28