Kvar onsdag ettermiddag frå kl. 16.00 til 18.30, samlast ein gjeng i Kulturhuset på Stord.

Det som tidlegare var eit kurs i maling og maleteknikkar, er no blitt ein kjekk møteplass for personar i alle aldrar som likar å halda på med maling og andre handarbeidsaktivitetar.

Pris for materialer: kr. 50,- pr gong.

Kaffi og te blir servert, og av og til blir det noko attåt!

Deltakarane kjem til gruppa på eiga hand, eller saman med støttekontakt eller pårørande.

Saknar du eit slikt tilbod og har lyst til å bli med?

Her finn du ein brosjyre me har utarbeidd.

Du kan ta kontakt med Tilrettelagt fritid på førehand og gjera avtale, eller du kan berre møta opp.