Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Kreftkoordinator

Tenesteomtale

Last ned informasjonsfaldar om Kreftkoordinator

Kreftkoordinator er eit tibod til deg som har fått ein kreftdiagnose og til dine pårørande.

Kreftkoordinator er eit tilbod som skal vera lett tilgjengeleg for pasientar og pårørande. Det vil seia at du kan ta direkte kontakt med kreftkoordinator utan å gå vegen om å søkja til kommunen.

Kreftkoordinator vil formidla kontakt dersom det er behov for andre kommunale helse- og omsorgstenester. 

Kva kan ein kreftkoordinator hjelpa deg med?

  • koordinera og tilretteleggja kvardagen for kreftramma og pårørande
  • råd og rettleiing i forhold til diagnose, behandling og rehabilitering
  • samtalepartnar som kan hjelpa deg med å sortera vanskelege tankar i ein kaotisk kvardag
  • oversikt over relevante tenester og tilbod
  • oversikt over og samarbeid med pasientforeiningane

Kontakt

​Kreftkoordinator Torhild Aamodt treff du på:

Telefon: 53 40 33 60
Mobiltelefon: 975 52 132
Send e-post

Kontortid

8.00 – 15.00 måndag, onsdag og fredag.

Du kan ta kontakt sjølv, eller be legen din, sjukhuset eller andre formidla kontakt.

Andre relevante telefonnnummer:

Sentralbord heimebaserte tjenester
Telefon 53 49 67 30

Sentralbord i rådhuset
Telefon 53 49 66 00

Tjenesten oppdatert: 31.01.2018 14:51