Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Viktig informasjon

Korona   Koronavirus illustrasjon                Ukraina og Stord   Ukrainsk flagg

A A A

Ledige stillingar

Stord kommune er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland, og ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger. Stord er ein utviklingsorientert industrikommune og er del av ei klynge innanfor maritim sektor som er verdsleiande når det gjeld å utvikle grøne, maritime løysingar. Kommunen har ambisjonar som ein attraktiv vekstkommune under visjonen «Saman om utvikling og velferd», og har mål om å bli nullutsleppskommune innan 2030. Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett, kultur og friluftsliv. Kommunen har nær 19.000 innbyggjarar.

 

Stord kommune sin visjon er «Saman om utvikling og velferd». Visjonen symboliserer vilje til å yta noko ekstra hjå både folkevalde, leiarar og medarbeidarar, og at kommunen skal stå fram på ein positiv måte når det gjeld samarbeid og utvikling

 

Verdiane open, nyskapande, respektfull og brukarorientert skal for alle tilsette og politikarar kome til utrykk i tankar og haldningar ein har i tenesteytinga, konfliktløysing, samhandling internt; brukarar, elevar, pasientar, foreldre osv. og eksternt; andre kommunar, næringsliv, organisasjonar osv. Å etablere felles verdiar handlar om å trekkje i same retning, bidra til å holda blikket mot overordna mål og definere kva kulturtrekk me ønskjer å leggje til grunn for alt arbeid i kommunen

Handel-Leirvik-blomar-trer-benk-by-ingress-Stord-Foto-Haldis-Lauksund.JPG

 

 

Ekstravakter/helgevakter i pleie og omsorg

Stord kommune har ofte behov for fleire personar til helgevakter og ekstravakter både til institusjon, bufellesskap og hjelp i heimen.

Vil du bli støttekontakt?

Tilrettelagt fritid treng fleire støttekontaktar.

Treng du karriererettleiing?

Vestland fylkeskommune tilbyr gratis og profesjonell karriererettleiing til alle vaksne over 19 år.