Generell informasjon
Eigedomen omfattar fyrvaktarbustad og uthus reist i 1878, naust i 1930 og maskinhus reist i 1939-40. I tillegg er det molo og ein gangveg mellom lendingsplass og hovudeigedomen. Området er å betrakta som eit kulturmiljø som skal følgja offentlege verne- og fredingstiltak.
Stord kommune sitt mål er at Leirvik fyrstasjon skal vera ein arena for kultur og oppleving. I tillegg til at det skal arrangerast ulike kulturarrangement, vil me leiga ut fyrvaktarbustaden. Stord kommune samarbeider med Venelaget for Leirvik fyr om å taka vare på eigedomen.
Det er to soverom og sengeplass for 6-7 personar. Det er eitt soverom med dobbelseng og eitt med 2 køysenger. I fyrste høgda er det kjøken, eit lite kammers og to mindre stover.
Det er nytt kjøken med innlagd vatn frå offentleg vassverk. Toalett og dusj er i maskinhuset.
Leigetakar lyt sjølv ta med laken, dynetrekk, putevar, handkler, toalettsaker og toalettpapir. Leigetakarar har også ansvar for å vaska etter seg og forlate staden i same stand som når dei kom (det skal vera vaskeutstyr og vaskemiddel på fyrstasjonen).
Tinging
Leige kan tingast i resepsjon/kiosk i Stord kulturhus på telefon 53 49 69 50. Det er eit krav at ein person over 20 år skal vera ansvarleg som leigetakar.
Nøklar vert levert ut i resepsjonen i kulturhuset når leigetakar har betalt for opphaldet. Nøklane skal leverast attende same stad når leigeperioden er over.
- Leige kan tingast: Måndag til fredag: 09.00 - 15.30 (telefon 53 49 69 50).
Utleige/prisar
- Døgnpris: kr 1.000 (frå kl. 12.00 og til kl. 11.00 neste dag).
- Helg (fredag til søndag): kr 2.000 (frå kl. 15.00 og til kl. 20.00 søndag).
- Arbeidsveke (måndag til fredag): kr 3.500 (frå måndag kl. 12.00 og til fredag kl. 14.00).
- Ei kalenderveke (måndag til søndag): kr 5.500 (frå måndag kl. 12.00 og til søndag kl. 20.00).
- Kulturarrangement/møter: kr 800
- NB! Klokkesletta ovanfor gjeld henting og levering av nøklar.
Leigetakar lyt sjølv skaffa båt for å ta seg ut til Midtøya på eiga hand. Leigetakar skal kryssa av eit spesifisert skjema over oppgåver/gjeremål som skal utførast før avreise. Skjema vert utlevert saman med nøklar.
Dersom noko vert skadd eller leigetakarar oppdagar avvik på eigedom/hus skal dei varsla Stord kommune snarast på telefon 53 49 69 50 (resepsjonen i Stord kulturhus).
Bilde av lendingskaien under. Meir informasjon om kaianlegget finn du ved å klikka på bildet.
Information in English
Enjoy a stay at the old light house! (Leirvik fyrstasjon).
Reservation
Prices
- 1 night (key pick up at 12.00 – key delivery 11.00 next day) - nkr 1.000,-
- Weekend (key pick up Friday at 15.00 – key delivery Sunday at 20.00) - nkr 2.000,-
- 5 days (key pick up Monday at 12.00 – key delivery Friday at 14.00) - nkr 3.500,-
- 7 days (key pick up Monday at 12.00 – key delivery Sunday at 20.00) - nkr 5.500,-
- Price per day for cultural events or meetings - nkr 800,-
More information
The property is a historical site and includes four buildings: the beacon caretaker’s house (Leirvik fyrstasjon) and the outhouse from 1878, the machine house from 1939 and a boat house from 1930. The whole area is a culture reserve and an arena for cultural events and experiences.
Stord municipality cooperates with the non-profit organization “Venelaget for Leirvik fyr” about the upkeep of the property.
Informationen auf Deutsch
Genießen Sie einen Aufenthalt auf der Leuchtturminsel (Leirvik fyrstasjon)
Wir sind stolz darauf, das alte Leuchtturmwärterhaus vermieten zu können. Es liegt auf der Midtøya, einer kleinen Insel in der Bucht von Leirvik.
Das Leuchtturmwärterhaus kann bis zu 7 Personen beherbergen. In der ersten Etage befinden sich zwei kleine Wohnzimmer, ein kleiner Abstellraum und die neu eingerichtete Küche. In der zweiten Etage liegen die Schlafzimmer, eins mit einem Doppelbett und das andere mit zwei Etagenbetten. Das Bad mit Dusche ist in einem Nebengebäude untergebracht, welches früher das alte Maschinenhaus war.
Der Transport zur Insel ist selbst zu organisieren. Mitzubringen sind Bettwäsche, Handtücher und Toilettenpapier.
Bei Beendigung des Aufenthaltes sind alle Räume einschließlich Bad sowie das genutzte Außengelände zu säubern. Die Endreinigung ist durch ein von Ihnen auszufüllendes Formular zu bestätigen. Das ausgefüllte Formular geben Sie zusammen mit dem Schlüssel an der Rezeption im Kulturhaus mit ab. Reinigungsmittel und -geräte werden vor Ort zur Verfügung gestellt.
Bei Beschädigungen, unabhängig durch wenn oder welcher Art, bitten wir Sie umgehend die Stord kommune zu informieren, Telefon +47 53596950 (Rezeption Kulturhaus).
Buchung:
Montag – Freitag von 09:00 – 15:30 Uhr telefonisch unter +47 53496960 oder direkt an der Rezeption im Kulturhaus.
Der Mieter muss mindestens 20 Jahre alt sein.
Bezahlung/ Schlüsselübergabe erfolgt an der Rezeption im Kulturhaus. Der vollständige Mietpreis ist vor Antritt des Aufenthalts zu bezahlen.
Preise:
1 Nacht - 1.000 NOK (12:00 Uhr * - 11:00 Uhr nächster Tag **)
1 Wochenende - 2.000 NOK (Freitag 15:00 Uhr* - Sonntag bis 20:00**)
5 Tage – 3.500 NOK (Montag 12:00 Uhr* - Freitag bis 14:00 Uhr**)
7 Tage – 5.500 NOK (Montag 12:00 Uhr* - Sonntag bis 20:00 Uhr **)
Preis pro Tag-800 NOK
Schlüsselübernahme* - Schlüsselrückgabe**
Weitere Informationen:
Die gesamte Insel und die vier Gebäude darauf sind ein wertvolles Kulturerbe. Das Leuchtturm-wärterhaus (Leirvik fyrstasjon) und das Außenhaus wurden 1878 errichtet, das Maschinenhaus im Jahr 1939/40 und das Bootshaus 1930. Instandgehalten wird das Areal von der gemeinnützigen Organisation „Venelaget for Leirvik fyrstasjon“ in enger Zusammenarbeit mit der Stord kommune.