Naudvarselet er ein teneste frå norske myndigheiter. Det er politiet og Sivilforsvaret som avgjer kva område som skal varslast og som sender ut sjølve varselet.

Naudvarsel vert sendt ut til mobilar og Apple klokker som befinn seg innanfor ei gitt geografisk område. Dei fleste nyare mobiltelefonar kan motta naudvarsel. Naudvarsel brukar ikkje telefonnummeret ditt eller andre opplysingar om deg. Det spelar difor ikkje noko rolle kva abonnement du har, kvar du bur eller jobbar, eller kvar telefonen er registrert. Det er gratis å motta eit naudvarsel. Du treng ikkje registrera deg, melda deg på eller lasta ned ein app. For å kunne motta naudvarsel må du ha 4G eller 5G dekning. Telefonen må og vere oppdatert med riktig programvare (den nyaste).

Dette skjer når du får eit naudvarsel

  • Telefonen vibrerer og spelar av ein høg sireneaktig lyd
  • På skjermen kjem det ein kort tekst som fortel deg kva som skjer og kva du bør gjere. Dersom telefonen din støttar tekst til tale kan du få meldinga lest opp.

Kven kan få varsler? (nodvarsel.no)

Spørsmål og svar (nodvarsel.no)