Område som skal regulerast er på omlag 20 daa. Planavgrensinga er synt på kartet nedanfor.
For oversiktskart sjå planområdet i Stordkart.
Føremål med planen
Tiltakshavar ser at det er behov for å auke kapasitet og type fasilitetar som hotellet kan tilby. Då gjeldande reguleringsplan for hotellet ikkje gir plangrunnlag for større og nødvendig utvikling er det behov for å oppdatere og utvide reguleringsplanen. Føremålet med ny plan er å legge til rette for å bygge fleire hotellrom, ny konferansesal, hotellhage/-park, parkeringsplassar, samt utvide dagens fasilitetar med større restaurant.
Det vert òg varsla at deler av planen vert regulert så detaljert at utbyggjar kan nytta seg av mogleik for ikkje ny nabovarsling i byggesak jf. pbl. § 12-10, 3. ledd. Dette kan vera aktuelt for parkeringsanlegg nord i planområdet, då det er behov for å oppretthalde parkeringskapasitet sidan ny hotellfløy er planlagd der dagens parkeringsanlegg står.
Planstatus
Planområdet omfattar følgjande reguleringsplanar:
- Heile reguleringsplan R214-001, Stord hotell gnr. 39 bnr. 525 mfl., vedteke i 2009. Reguleringsplanen vil verta oppheva som følgje av ny reguleringsplan.
- Del av R214-000, Vikahaugane, vedteke i 2003, for m.a. å kunne regulere tilkomst og parkeringsareal i ny plan. Deler av reguleringsplanen vil verta oppheva som følgje av ny reguleringsplan.
- Del av R014-001, Legemyrvegen 1, vedteke i 2000, pga. behov for å regulere siktsoner. Deler av reguleringsplanen vil verta oppheva som følgje av ny reguleringsplan.
- Del av reguleringsplan R014C00 Leirvik del III, vedteken 07.03.1979 og 20090003 Almås Hotell, vedteken 16.09.2010. Areala er regulert til føremål køyreveg i desse planane. Om detaljplanlegginga viser det
naudsynt å regulere desse areala i ny plan, vert del av plan R014C00 og 2009003 oppheva.
Konsekvensutgreiing
Planforslaget krev ikkje handsaming etter Forskrift om konsekvensutredninger.
Dokument
Merknader
Spørsmål eller merknader til oppstart av planarbeidet skal sendast til:
ABO Plan & Arkitektur Stord AS, Postboks 32, 5401 Stord,
E-post: poststord@abo-ark.no / turid@abo-ark.no
Kontaktperson: Turid Verdal Tlf. +47 905 22 958.
Merknadsfrist: 30. september 2024.