Koronavaksine for risikogruppene og personar over 65 år

Risikogrupper og innbyggarar over 65 år er tilrådd oppfriskingsdose mot korona.
 
Koronavaksinering, oppfriskingsdose, er tilrådd for: 
  • personar i aldersgruppa 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar
  • personar i aldersgruppa 18-64 år som inngår i ei risikogruppe
  • born og ungdom med alvorleg grunnsjukdom
  • gravide i 2. og 3. trimester. Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko, etter legevurdering

Korona- og pneumokokkvaksine kan ikkje setjast samstundes. Det må gå minst ei veke mellom desse to vaksinane. Influensavaksine kan setjast samstundes med korona- eller pneumokokkvaksinen.

Det må gå minst 4 månadar mellom koronasjukdom og koronavaksine.

Koronavaksina er gratis.