Det står og att 12,8 mill kr å dekke inn av restmeirforbruket/underskotet frå 2008.  Me gjer oppmerksam på at desse tala er førebelse og at endeleg rekneskap vert lagt fram seinare.

Førebels hovudtal frå driftsrekneskapen syner slike tal per 15.02.2011:

alle tal i heile 1000 kr

Regnskap

Budsjett rev.

Budsjett opph.

Regnskap

 

2010

2010

2010

2009

Sum Driftsinntekter

-978 542

-947 479

-876 819

-890 514

Sum Driftsutgifter

959 782

892 851

828 467

886 531

Driftsresultat  etter avskrivingar

-18 760

-54 628

-48 352

-3 983

Resultat ekst.finanstransaksjoner

42 015

41 875

41 375

23 082

Netto driftsresultat

13 178

-12 752

-6 977

-3 322

Sum netto bruk av avsetninger

-2 910

-2 443

-763

-13 715

Avsatt til dekning fra tidligere år

 

12 139

1 859

14 839

Resultat etter int. finanstransaksjoner

13 734

-11

-3 135

0


I revidert budsjett var prognosen at 12,1 mill kr av akkumulert underskot skulle kunne dekkast inn i 2010. Resultatet vart 13,7 mill kr, som tilsvarer eit avvik på 25,9 mill kr. Det står dermed att 12,1 mill (av underskotet frå 2008) kr å dekke inn i 2011. I tillegg kjem underskotet frå 2010 på kr 13,7 mill som må dekkast inn innan 2012.

Dei viktigaste avvika  i høve revidert budsjett og som førte til at kommunen ikkje nådde målet på 12,1 mill kr i overskot var at einingsdrifta gjekk med netto meirforbruk på 23,8 mill. Dei største avvika var komitevis:

  • Formannskap: 2,2
  • OOU: 1,6
  • RHO: 14,7
  • NMK: 5,3

Det har vore inntektssvikt innan RBO, flyktningetilskot og legeteneste. Me gjer oppmerksam på at desse tala er førebelse og at endeleg rekneskap vert lagt fram seinare.

3 mill av avviket skuldast høgare straumutgifter enn budsjettert.

Investeringar

Kommunen har investert for 46,2 mill kr i 2010. I tillegg kjem investering føreteke av dei kommunale føretaka på vel 20,1 mill i Stord kommunale eigedom KF og 41,1 mill i Stord vatn og Avlaup KF.

Dei største investeringsprosjekta i 2010 har vore:

  • Nordbygdo ungdomsskule – uteanlegg
  • Fleirbrukshall Nordbygdo
  • Stord kommunale rehabiliteringssenter, utbetring av lekkasjer
  • Nye stolar Kulturhuset, kinosal
  • Utbetring Leirvik skule, gamledelen
  • Avlaup Fjellgardane
  • Høgdebasseng v/Vassverket
  • Avlaupsledning Heiane Vest