Det er fjerde året at Vårslepp på torget vert arrangert. 41 brukarar av rullestol og scooter fekk hjelp i dag. Det er dobbelt så mange som i fjor.

Arrangementet er ein del av Kva er viktig for deg?- dagen som vert markert av helsepersonell i 130 kommunar og på ein rekke sjukehus. Målet er å oppmuntra til fleire gode samtalar mellom dei som gir og dei som mottar helse- og omsorgstenester.

Hjelpemiddelsentralen stilte med teknikkarar som bidrog med service på dei elektriske rullestolane og scooterane, samt svarte på eventuelle spørsmål. Dette er ein del av oppfølginga for dei som har fått rullestol / scooter frå NAV hjelpemiddelsentral.

Ergoterapeutane hjalp til med enklare bestilling av delar og utstyr samt andre spørsmål. I tillegg holdt vegvesenet ein kort apell om tryggleik i trafikken.

Vårslepp på torget

Her får Per Tveitnes rettleiing av ergoterapeut  Sara Brosvik. 

Det vart servert kake og kaffi, samt aktivitetar som quiz og hinderløype.

Arrangør takkar Bakeriet Frugård for lån av teltet.

Bilete på topp: Inger Alice Klippenberg får hjelp av teknikar Leif-Erik Dyrøy.