Utdeling av premie til Sagvåg og Litlabø barnehage

Aksjonen ”sykle til Jobben” har vore gjennomført frå 4. mai til 30. juni. Konseptet går ut på at kollegaer skal konkurrere mot kvarandre, og mot andre arbeidsplassar, om å vere mest fysisk aktive i løpet av den to månader lange aksjonsperioden. 

Sjølv om aksjonsnamnet  viser til sykling, har det også vore mogleg  å registrere anna fysisk aktivitet. Det einaste kravet har vore at du kjem deg fram for ”eiga maskin”.

111 deltakarar frå Stord kommune

Frå Stord kommune har 111 tilsette fordelt på 21 lag vore aktive i aksjonen. Dei aller fleste har gjennomført minst 30 minuttar aktivitet kvar dag. 

For mange har aksjonen gjort at dei har vore meir aktive enn dei ville vore utan å delta i sykle til jobben. Konkurranse innbyrdes, med små marginar for kven som hadde flest minuttar, har gjort det ekstra morosamt å gå eller sykle ein ekstra runde. 

Barnehage med størst oppslutning

Sagvåg/Litlabø barnehage har hatt over 100 % tilslutning til konkurransen, av 15 tilsette var det 16 (ein vikar i tillegg) som har gått eller sykla til/frå jobben og i fritida.  Den store oppslutninga gjorde dei tilsette fortent til ei lita premie, og alle har fått kvar sitt par med sykkelhanskar.

Det laget frå Stord kommune som likevel kom høgast opp på listene var SK-På tvers (SK=Stord kommune). Laget bestod av  personar frå ulike einingar innanfor først og fremst helse og omsorg. Laget slo SK-Strategisk leiing knepent.

30 minutt kvar dag

Stord kommune har i samband med påmelding til sykle til Jobben meldt seg inn i Norges Bedriftsidrettsforbund som er eit av dei største særforbunda i norsk idrett med 296 000 medlemmer fordelt på rundt 4 200 bedriftsidrettslag. 

Gjennom Bedriftsidrettforbundet kan Stord kommune vere med å fremja ein aktiv livsstil og trivsel gjennom haldningsskapande arbeid.   

Med bakgrunn i gode erfaringar frå vårens Sykle til jobben-aksjon er det under planlegging ein ny kampanje til hausten. 

Det er framleis eit mål at alle tilsette skal ha 30 minutt aktivitet kvar dag, i tillegg til at aksjonen skal skape glede og trivsel på jobben.

Bildet: Frå overrekking av premie for høgast deltaking i sykletiljobben 2010. Einingsleiar Eli Lunde Sandnes, tilsett John Bathgate (t.h.) og rådmann Magnus Mjør. (Foto: Astrid Larsen)