Ordførar Harry Herstad ønska statsråd Bent Høie velkomen og la lista for møtet. Han understreka at statsråden nok var den i salen som kunne mest om helse og sjukehus for tida, men me har lyst å setja lys på vårt sjukehus og situasjonen på Stord.

- Me snakkar om fagleg forsvarlegheit, god beredskap og tryggheit for befolkningen, og dei skal kunne føla seg trygge. Det å ha eit akutttilbod er ein del av pasientane si helseteneste slik me ser det. Me er eit øyrike med delvis gode og delvis mangelfulle forbindelsar, nokon når fram innan ein time, nokon ikkje. Skulle dette sjukehuset mista sin sentralitet vil reiseavstanden bli uakseptabel, sa ordførar Harry Herstad.

Statsråden fekk også høyra kva næringslivet meinar om den nye sjukehusplanen og kva behov regionen har.

Direktør i Kværner Stord, Steinar Røgenes sa at sjukehuset er ein tryggheit for ressursane dei har i industrien.

- Me engasjerar oss mest i infrastruktur men også i helsetilbod. Dette er viktig for oss. Me e  konkurransedyktige og eit potent næringsliv. Me vinn kontraktar i beinhard konkurransar. Då er framhøvevilkåra viktige, som er infrastruktur, rekruttering og moglegheit for å rekruttera rett kompetanse og ikkje minst då ha eit fullgodt helsetilbod oppi da heila. Me er avhengig av akuttberedskap for å ivareta dei tilsette på best mogleg måte.

Leiar i samarbeidsrådet, Peder Sjo Slettebø utheva at det er positivt å få utarbeida ein sjukehusplan.

- Eit fullverdig sjukehus lokalisert her på storen også i framtida er ikkje berre noko Stord kommune er opptatt av, eg trur faktisk da e endå viktigare for nabokommunane enn Stord sjølv. Helseministereren møter mange ordførar her i dag og det er for å visa vårt engasjement for å behalda funkasjonar på Stord sjukehuset. Sunnhordlandsregionen treng god akuttberedskap og høgkompetanse arbeidsplassane for utvikla oss til ein endå meir attraktiv region, sa Slettebø.  

Statsråden kunne lova meir arbeid på Stord sjukehus og sa også at det enno ikkje er tatt konklusjon i saka.   

 - Saka er oversendt til Stortinget, viktig at eg får med meg dåkas synspunkt. Det at Stord sjukehus er tatt med i dette scenarioet betyr ikkje at det er tatt noko konklusjon. Stortinget vil ta ei avgjersle i mars, informerte statsråden.