Stord kommune har eit førebels positivt resultat på 37,9 millionar kroner for 2015, mot 37,4 millionar som låg inne i budsjettet. Det betyr at resultatet er 0,5 millionar kroner betre enn budsjettet.

- Me må seia oss nøgde med eit slikt resultat. I tillegg til «stong inn» på skatt, pensjon og skjønsmidlar er det mange som har gjort ein god jobb. Overskotet skal finansiere store investeringar i 2016, og reduserer låneopptak tilsvarande, seier rådmann Magnus Mjør.

Det gode resultatet skuldast blant anna god skatteinngang i 2015, heile 8 millionar kroner over revidert budsjett. Det er også eit positivt avvik på pensjon, og kommunen fekk i desember utbetalt 3,8 millionar kroner i ekstra skjønsmidlar knytt til flyktningsituasjonen.

Ei anna viktig forklaring er sjølve einingsdrifta, der dei flest einingane er i balanse. Stord kommunale eigedom KF og Stord hamnestell leverer òg positive resultat i 2015.

Ordførar Harry Herstad (Ap) ser seg tilfreds med at ein har nådd budsjettmåla.

- Dette var viktig for oss. Eg er svært nøgd med den innsatsen som er lagt ned, seier han.

Rekneskapen er ikkje revidert, og det kan koma endringar.