Ordførar Harry Herstad vart etter eit illebefinnande frakta til sjukehus sist fredag. Det er enno ikkje avklara når eller om Herstad vil vera attende som ordførar. Familien ønskjer ikkje å gje ytterlegare kommentarar kring Harry Herstad sin tilstand.

Varaordførar Jakob Bjelland rykker i Harry Herstad sitt fråvære opp som ordførar og vil så langt som råd ivareta inngåtte avtalar.