Sjølv om avdelinga ikkje vann, er dei godt nøgde me å vera blant dei tre beste i landet på godt inkluderande arbeidsliv (IA). Einingsleiar i Stord kommunal eigedom Arne Bjelland tykkjer dette er eit lyspunkt i ein travel kvardag.

- Dette er kjekt, og eg er veldig nøgd med arbeidet som er utført av avdelingsleiar Tove Elin Anglevik.

Det var Angelvik som sendte inn søknad for avdelinga. Prisen vart delt ut i Grieghallen den 30. oktober. Den andre verksemda som mottok hederleg omtale er Stiftelsen Helgeseter, ein helsepedagogisk heim for bebuarar med psykisk utviklingshemming. Vinnaren er elektrofirmaet PG Elektro (Pettersen og Gjellesvik Elektro), som arbeidar systematisk og godt med alle delmåla i IA – avtalen og har gjort det i lang tid, med gode resultat. 

Her er omtala Stord fekk: "Om Stord kommunale eigedom, avdeling reinhald kan man si at dette er en mangfoldig arbeidsplass med 24 årsverk som gjennom et velfungerende partssamarbeid har utviklet et arbeidsmiljø preget av stor tillit mellom den enkelte medarbeider og leder. Dette gjør at det er lett å ta opp og finne løsninger på ulike forhold. Dette fører til lavere sykefravær, god kvalitet i tjenestene og utvikling av godt arbeidsmiljø. Det er en arbeisplass der man kan jobbe lenge. Avdelingen er også en god samarbeidspart for NAV der man tar mot kandidater for språk- og arbeidstrening."

Om IA prisen

Målet med IA-prisen er å auka forståinga for at arbeidsplassen er hovuedarena for Inkluderande Arbeidsliv, og kva dette betyr for arbeidsgjevar, arbeidstakar og samfunn. Vidare skal prisen stimulera verksemder til å jobba aktivt med IA, samt forsøkja å få fleire til å inngå samarbeidsavtale om IA.

IA-prisen vert delt ut kvart år til ei verksemd, organisasjon som har utmerka seg i arbeidet med IA. Det vert lagt vekt på at prisvinnar har oppnådd gode resultat på ein eller fleire av følgjande punkt:

  • Inkludera fleire personar med nedsett funksjonsevne
  • Tilrettelegga for eldre arbeidstakarar
  • Redusera sjukefråværet
  • IA-arbeidet er godt forankra i partssamarbeidet i verksemda
  • Kan framstå som ”IA-fyrtårn”

IA-prisen kan også delast ut til enkeltpersonar som i kraft av sitt virke og sin måte å utøva det på, over tid har bidratt vesentleg for IA-verksemdene på dei same punkta.

Prisen består av diplom og gåvesjekk på 10.000 kroner. Vinnaren vert kåra av IA-rådet i Hordaland

Tidlegare prisvinnarar i Hordaland:

2017   Hardanger og Voss Museum
2016   Toma Facility Services
2015   Ulvik herad, avdeling for pleie og omsorg
2014   Stoltz Entreprenør
2013   Apply Leirvik

Les meir om IA rådet her