BUA er på ti-på-topp-lista over utlånt utstyr i juli! Blant mellomstore kommunar er BUA Stord si sjølvbetening på 3. plass og BUA Stord på 8. plass. 

Før sommaren opna sjølvbetening-løysninga i tilknyting til skateparken Gropo bak kulturhuset, og denne har allereie blitt mykje brukt.

Leiar for frivilligsentralen, Margunn Hamre Vassdal, er svært nøgd med utlånstala: -Me kan òg rapportera om svært lite svinn frå sjølvbeteninga, noko fleire hadde uttrykt bekymring for. Lånarane er gode på å levera tilbake utstyret og å levera det tilbake i god stand, fortel Vassdal. 

Her kan du lesa om opningstidene og kva utstyr BUA Stord har.