Prosjektet er leia av ein styringsgruppe, og denne veka reiste representantar frå styringsgruppa til Drammen for ei samling i høve arbeidet med prosjektet. Tema for nettverkssamlinga var kartleggingsverktøy, og korleis ein kan jobbe med kompetanseheving og erfaringsutveksling på tvers av prosjekta.

Einskapleg tilbod

- I dette prosjektet jobbar ein tett opp mot bustadlause, og innsatsen er oppsøkjande. Me har med andre ord fokus på at tilbodet me gjev er einskapleg, og jobbar difor i team for å vera ein ambulant teneste, fortel prosjekteigar Diana Marie Helland Bergeland.

I teamet inngår tilsette frå PROBIS, NAV, Stord kommunale Eigedom KF og ein erfaringsmedarbeidar.

Får velja bustad sjølv

Det var for to år sidan at Helland Bergeland var i New York saman med representantar frå PROBIS og Husbanken, og fyrste gong høyrde om «Housing First». Konseptet, som er utvikla av amerikanaren Sam Tsemberis´ modell «Pathway to housing», har på nokre få år spreidd seg til fleire land rundt om i verda. I Europa har blant anna Nederland, Danmark og Finland implementert modellen i arbeidet mot bustadlause.

Modellen legg til grunn at brukaren sjølv får velja bustad på grunnlag av kriterier som plassering og utforming, og at ein skaffar bustad utan å gå vegen om rehabilitering og butrening fyrst.

- Ein viktig suksessfaktor er at det finst tilstrekkeleg med bustadar. Ei satsing på det feltet jobbar kommunen og det kommunale føretaket kontinuerleg med, fortel prosjekteigaren.

Ny samling i haust

Kommunane som er med i prosjektet i regi av Husbanken og Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA) er forutan Stord; Bergen, Sandnes, Sandefjord, Drammen, Moss, Mandal og Trondheim. Neste nettverkssamling for kommunane vert til hausten 2014, og då skal ein presentera ståsted og få meir kunnskap frå foredragshaldarar med relevant erfaring.

Leis meir om prosjektet