Elevane Leah Sætrevik Endal og Lone Becker frå Stord vidaregåande skule fortalde og viste bilete. 

Leiar i venskap Stord–Comalapa, Torger M. Tvedten, heldt innlegg:

Dette var eit av dei beste besøka. Delegasjonen var ei blanding av veteranar og debutantar. Det gav ein ekstra dimensjon å ha med dei unge frå Stord vidaregåande.

Eldsjela i venskapsarbeidet, Gerd Synnøve Fladby, 80 år, var med. Ho er eit levande bibliotek og har eit utruleg nettverk i Comalapa.

Ordføraren representerte kommunen på offisielt nivå. Dette kan hjelpa venskapskomiteen i Comalapa til å få eit tettare band til sin ordførar og dei styrande.

Kva har skjedd i Comalapa sidan me vitja sist for fem år sidan?

Byen er tilbake i tilnærma normal drift etter svært krevande år med pandemi der heile byen var nedstengt og mange døydde.

No blømer byen og gatene er reine. Bosshenting fungerer bra. Fasadar er nymåla, nye kafear er opna og folk ser ut til å trivast. 
I år er det 25 år sidan me starta musikkprosjektet, og det er fantastisk kva som har skjedd på denne fronten. Tenåringane som var med på seminara me hadde for 25 år sidan, er no godt vaksne, fagleg utdanna innan musikk og driv musikkskular, barnekor, og barne- og ungdomssymfoniorkester..

Dei laga til ein stor konsert for oss, og særleg for Tove Linge, Åge Vallestad og eg (som var med frå 1997) var det ekstra stas å sjå utviklinga. Det var rett og slett rørande.

Eg nemnde innsamling av boss. I møte med ordførar og kommunestyret (8 menn) fortalde dei meir om dette. Førebels blir bosset kjørt på ei fylling, usortert (Valvatnadungen), men dei har og byrja eit forsøksprosjekt med å kompostera biomasse frå torgdagane sidan dei sel mykje dyrka ting der.
Dette var me ute og såg på. Førebels i liten målestokk, men ein start.


Ein skal ikkje langt utanfor sentrum for å oppdaga store søppelproblem, særleg plast som samlar seg i elvane. Her og fortale kommunestyret i Comalapa om planar om å starta innsamling av plast og få liv i kompaktadoren (plastpresse) som me var med å kjøpa inn gjennom Fredskorpsprosjektet i si tid.

Nå me er slik på besøk så møtest me som likeverdige partar, sjølv om budsjetta til Stord og Comalapa er nokså ulike.  Noko av nøkkelen til oppbygginga av venskapen og ikkje minst tilliten er at me aldri har hatt med oss pengar, berre venskap. Me kjem berre med venskap, vår kultur, og gir og får impulsar. Men andre kan gjerne gi pengar eller starta prosjekt. 

Ordføraren vår  gav ein brei presentasjon av kommunen vår og om korleis lokaldemokratiet er bygd opp her. Størst inntrykk gjorde kanskje kvinnerepresentasjonen.

Slik sett så sår me nokre frø og idear som heilt sikkert vil spira og om ikkje lenge forandra Comalapa.


Dette ikkje minst fordi synet foreldre har på utdanning har endra seg mykje. No ser dei kor viktig utdanning er for både gutar og ikkje minst jenter, og dei fullfører grunnskule i mykje større grad enn før. Men økonomien er framleis ein hemsko for mange.
Desto viktigare er nettopp det Stord vidaregåande bidreg med, og eg vil tru besøket var ein viktig inspirasjon for å halda fram dette framtidsretta arbeidet.

Alt i alt var dette eit av dei beste besøka eg har vore med på, og eg vil gratulera Stord kommune som har oppretthalde dette venskapsforholdet gjennom over 30 år.


Me har og fått gode tilbakemeldingar frå venskapskomiteen og andre i Comalapa som er svært fornøyde med besøket.

Berre det at dei samlast frå ulike kvardagsoppgåver, frå ulike miljø og med ulike interesser, og samarbeider om noko felles og overordna, er milepælar me ikkje heilt kan forstå utan å forstå korleis samfunnet fungerer.

Slik sett er me katalysatorar for eit sterkare samfunn. Som ein har skrive i etterkant: «De har lært oss at det er ved å gi, at ein får».

Me lærer jo og mykje på desse besøka. Om korleis dei tek vare på kvarandre i storfamilien ettersom det er frynsete med offentleg hjelp, 
om korleis hjartevarme og gjestelag ligg i tradisjonen uansett økonomisk tilstand, om korleis humør og optimisme om ei betre framtid gjennomsyrer heile kulturen trass all vanstyre og maktesløyse ovanfor makta.

Me som har fått tatt aktiv del i dette venskapsarbeidet håpar då også at Stord kommune vil halda fram med denne venskapsrelasjonen. Me er med på noko viktig for mange.


Og hugs, også mellom oss:
Venskap er meir verdt enn gull.

Comalapadelegasjonen syng i kommunestyret.

På bilete er dei som var på besøk i Comalapa. 
Frå venstre: Leah Sætrevik Endal, Tove Karin Linge, Lone Becker, Henriette Stokke, 
Gerd Synnøve Fladby, Ingunn Hansejordet, Åge Vallestad, Torgeir Tvedten og Gaute Epland. 
(Ikkje tilstades: Ellen Strandenes). Fotograf: Siren Eldøy Hinderaker