Denne gruppa er for deg som

  • Har hatt fall eller er redd for å falle
  • Har behov for generell styrke og balansetrening
  • Merker at daglege gjeremål har blitt meir utfordrande på grunn av redusert styrke og balanse
  • Er sjølvstendig i forflytning (med eller utan hjelpemiddel)

Om opphaldet

Det vil bli gjennomført felles gruppetrening 09.45 tysdag og torsdag. Aktivitetane blir leia av fysioterapeut i eigna treningsrom. Treninga varer i omlag 45 minutt og blir tilpassa ditt funksjonsnivå. I tillegg til dette er det trening og aktivitetar med avdelinga i løpet av dagen.

Kostnad: 167 kr pr dag.
09.00: Frukost
09.45: Gruppetrening med fysio
10:45: Sosialt i stova og aktivitet
11.30: Lunsj
12.00: Trening og aktivitet
13.30: Middag
14.00: Heimreise

Korleis søkja?

Du kan søkje via søknadsskjema på Stord Kommune sine nettsider: https://skjema.stord.kommune.no/skjema/SKO0185/ 

Om du ikkje får til å søkje sjølv kan du henvende deg via dei tenestene du allereie har, td. heimebaserte tenester, fysioterapi eller ergoterapi, eller ta kontakt med dagrehabilitering.

Søknaden vert tverrfagleg vurdert etter kriterier for dagrehabilitering.