Føremålet med den vekelange reisa er å følgja opp det internasjonale kommuneprosjektet MIC (Municipal International Cooperation).

Dei to reiser saman med Gerd Synnøve Fladby, Ragnhild Storebø, Chris Elvik, og Jan Morten Nesse. Fladby er koordinator for MIC-prosjektet i Stord kommune, medan dei tre andre representerer venskap Stord/Comalapa.

Skal bli interessant å sjå

– Det skal bli interessant å sjå kva ordførar Valeriano Pichyía har fått til av forbetringar det året han har styrt kommunen, seier ordførar Liv Kari Eskeland.

I ein kommune med 40 000 innbyggjarar, der halvparten bur i grender utafor bykjernen, er det ei stor utfordring. Områda kommunane Stord og Comalapa  samarbeider om i Comalapa kommune er bevisstgjering rundt miljø/bosshandsaming og rekruttering av fleire kvinner til dei lokale utviklingskomiteeane.

Prosjektet er betalt av Norad gjennom Kommunenes arbeidsgiver- og interesseorganisasjon (KS).

San Juan Comalapa på kartet

Stord sin venskapskommune San Juan Comalapa ligg i Guatemala i Mellom-Amerika. På kartet under ser du kvar i landet du finn Stord sin venskapskommune.
Vis større kart