I etterkant av NRK-serien «Demenskoret», har det over heile landet blitt starta opp kor for menneske som lir av demens-sjukdom. I slutten av januar fekk me i Stord kommune spørsmål om det var planar om å starte slikt kor hjå oss – og ja, det er det. Det vart sett ned ei ressursgruppe, som har sett på korleis kommunen skal organisere dette. I fyrste omgang kallar me det eit prosjekt der kommunen er sterkt med på laget,  me har tru på at det vil vera interesse for dette og at koret vil halde fram også etter prosjektperioden, gjerne i regi av frivillige.

Planen er å ha samling/øving ein ettermiddag/kveld i veka i dei fine, nye lokala til Nysæter ungdomsskule. Her ligger alt til rette for å kunna skapa ei fin ramme rundt øvinga, også for pårørande som ynskjer å vera med. Målet er at pårørande som ynskjer det kan vera med på øvinga, men det vil ikkje vera eit krav at dei  skal vera med. Vel så viktig som å syngja i koret er dei sosiale rammene rundt, me legg difor opp til at det skal vera gode pausar med kaffi og noko å bita i og tid til uformell prat og kjekt samvær. Musikalske leiarar for koret vert musikkterapeut/musikklærarar frå kulturskulen. Fagfolk frå  rehabilitering-, helse- og omsorgssektoren med kompetanse innan demensomsorg og miljøarbeid er med, og Stord Fitjar Demensforening er ein viktig aktør både i planlegging og gjennomføring av korprosjektet.  

Meld interesse

Ressursgruppa legg opp til at tilbodet skal vera for dei som nyleg har fått demensdiagnose og andre med demens som bur heime. Me ynskjer no å få kontakt med alle som tenkjer at dette høyrest kjekt ut, meld dykkar interesse i skjemaet under. 

Påmelding til demenskor

Treng hjelp av frivillige

Me er og på jakt etter frivillige som har lyst til å hjelpa til i arbeidet, dei kan senda ei melding til Randi.Huglen@stord.kommune.no eller ta kontakt med Randi på telefon 489 90 902.

I starten av juni vil me koma med meir og detaljert informasjon til dei som meldar sin interesse. Målet er å starte opp koret i overgangen august/september!

Me gler oss!