- At roboten Digifrid no skal i arbeid for Stord kommune er del av prosjektet Regional digitalisering i Bergensområdet. Dette inngår i arbeidet med å utvikla nasjonale IKT-løysingar for kommunane. Det er spennande å få vera med på slikt utviklingsarbeid saman med Bergen kommune, og det er ei fin tillitserklæring at IKT-avdelinga i Stord kommune får ei slik rolle , seier rådmann Magnus Mjør.

Stord kommune skal testa ut gjenbruk av robotteknologi. Med Robotic Process Automation (RPA) har Bergen kommune automatisert arbeidsprosessen med handtering av digitale sjukemeldingar. Det er denne arbeidsprosessen som også vert testa ut i Stord. Dersom ein lykkast å gjenbruka løysinga i Stord kan dette bli ein nasjonal standard som alle kommunar kan nytta – og Digifrid vil verta i fast arbeid i kommunen.

- Me har som mål at teknologien skal vera oppe å gå frå 6. mars. Det er inspirerande og ei fjør i hatten å få vera med i front i slike utviklingsoppgåver, seier IKT-leiar i Stord Gisle Østrem. Om dette prosjektet lykkast, stiller me gjerne opp for å testa ut teknologien på andre prosessar og arbeidsoppgåver.

Arbeidet med digitale sjukemeldingar er eit godt døme på arbeidsprosessar som kan automatiserast. Her vert Digifrid programmert til å gå rett inn i meldingsboksen til NAV  slik at leiaren får melding om sjukemeldingane. Omlegginga til digitale sjukemeldingar har så langt gjort det enklare for den sjukemelde og for NAV. Digifrid skal syta for at arbeidsgjevar – kommunen – sine oppgåver også vert automatisert og forenkla. Ved å redusera risikoen for manuelle feil vil ein og oppnå ein effekt ved å redusera sjansen for å gå glipp av sjukepengerefusjonar.