Modell av busskurI sommar kan du sjå elevane sine modellar av busskur utstilte  i kundetorget i rådhuset. Alle busskura er universelt utforma slik at dei skal kunna nyttast av alle, også personar i rullestol.

Dei 13 elevane i klassen har designa kvar sitt universelt utforma busskur.

– Me tok til med arbeidet i starten av februar og var ferdige i mai. Då har dei jobba med prosjektet omlag fire timar i veka, fortel lærar Eva Hamre Olsen.

Har gjort grundig førearbeid

Olsen kan også fortelja at elevane har sett seg grundig inn i dei kommunale planane under arbeidet med utforminga av busskura. Dei har også vore på besdriftsbesøk hos Akvator AS, som har utført ein forstudie i prosjektet om busslommer i sentrum.

Hamre Olsen synest det er spesielt kjekt å jobba med lokale problemstillingar saman med elevane.

– Så er det jo veldig kjekt å visa fram litt av det me driv med på skulen, seier ho.

Kjempar mot nedlegging

Hamre synest samstundes det er viktig å få fram at framtida til tredje klasse ved formgjevingsfag på Stord er truga i følgje den nye skulebruksplanen for vidaregåande skular i fylket som no er på høyring.

– Det er veldig viktig å ha slike tilbod i nærmiljøet. Så eg håpar inderleg dette ikkje skjer, avsluttar ho.  

Bildet: Ein av busskurmodellane du kan sjå utstilt i kundetorget i rådhuset. Kom innom og sjå fleire.