Prosjektet vert også støtta med 60 000 kroner frå Partnarskap i kommune- og tettstadplanlegging i Hordaland 2014. Samla tilskotssum for 2014 vert dermed på 160 000 kroner. Prosjektet har eit forventa totalbudsjett på 240 000 kroner.

Fremjer miljøvenlege transportformar

Stord kommune ved Leirvik sentrum vart vald ut som pilotdeltakar i prosjektet "Gangbar tettstad" i 2014. Prosjektet byggjer på målsetjingar i "Klimaplan for Hordaland" om å fremje miljøvenlege transportformar i fylket samt at talet på reiser til fots skal aukast i heile Hordaland.

I søknaden til fylkeskommunen viser kommunen til at Leirvik sentrum er ein tettstad der det er lagt til rette for å gå eller sykle samt at gangaksar er lette å finne. Fleire innbyggjarar og tilreisande går til/frå og i Leirvik sentrum. Ein viser også til at tiltaksplan for gangaksen mellom Borggata og Amfisenteret/kulturhuset er sett i samanheng med tiltak for "Prosjekt Torget", og at det er laget skiltplan og satt opp skilt for gåande og syklande for sentrale målpunkt.