Det er ein hyggeleg tradisjon i kommunestyret at me deler ut diplom til verksemder som er sertifisert som miljøfyrtårn. Sertifiseringa er eit kvalitetsstempel. Det krev eit omfattande og grundig arbeid på ein rekke området i verksemdene, så de har all grunn til vera stolt og godt nøgd med seg sjølv når de får eit slikt bevis, sa ordførar Gaute Straume Epland.

Miljøfyrtårnsertifisering inneber at verksemdene har ein miljøstandard og rutinar som er i samsvar med krava. Verksemda kan dermed dokumentera at strenge krav innan tema som: 

  • arbeidsmiljø
  • innkjøp
  • energi
  • transport
  • avfall
  • utslepp
  • estetikk

Morten Hillestad mottok diplom for Fargerike Malerboden, og Eva Tyse og Bernt Øyvind Vad mottok diplom for Engelsen Entreprenør AS.

Om sertifisering

Miljøfyrtårn er ei sertifiseringsordning drive av stiftinga Miljøfyrtårn. Målet er at verksemdene skal drive lønsamt og miljøvenleg. Ordninga vert støtta og anbefalt av Miljøverndepartementet.  

Vil du vita meir?

Vil du vite meir om miljøfyrtårn, eller kanskje di verksemd ynskjer sertifisering? Sjå meir informasjon om miljøfyrtårn og sertifisering på Stiftelsen Miljøfyrtårn (miljofyrtarn.no) eller ta kontakt med Stord kommune sin sertifisør Marlene Sørli på e-post: malsor@fitjar.kommune.no