Føremålet med innovasjonsprisen er å påskjøna og stimulera til nytenking i fagmiljøa. Dei tilsette sine idear til nyskaping kan verta fanga opp, tekne i bruk og kan slik skapa gode verdiar for Stord kommune.

Prisen vart delt mellom to prosjekt:

Vårslepp på torget ved Eining for aktivitet og rehabilitering

Vårsleppet på torget er eit felles treffpunkt for menneske som har og nyttar elektrisk rullestoll (ERS) i kvardagslivet. Der er moglegheit til å få oppfølging frå NAV hjelpemiddelsentral og servicemenn og terapeutar frå kommune på deira ERS, samt oppfrisking av kjøreferdigheter og kjørekunnskapar.

Resultatet er at dagen bidrar til førebygging av ulykker og skader i trafikken. Det er også eit treffpunkt der mennesker som brukar ERS kan møtast og dela erfaringar og kunnskap med kvarandre. Det er tidsbesparande både for brukarar og NAV-hms då ein slepp å levere inn ERS til reperasjon på sentralen i Bergen.

Prosjektgruppa har bestått av ergoterapeutane Juni Mehammer og Sara Brosvik.

Førebyggjande heimebesøk er eit samarbeidsprosjekt mellom einingane Stord brann og redning, heimebaserte tenester og aktivitet og rehabilitering

Prosjektet er nyskapande med felles førebyggjande heimebesøk til 111 eldre født i 1938. Prosjektet har som mål å førebyggja skader og sjukdom og møte framtida med ein tilrettelagt og sikker bustad for personar utan kommunal teneste og som er i ein alder der ein må førebu seg på framtida som senior. Dei har lagt vekt på informasjon om universell utforming av bustad, redusera ytre fare som brann og fall, samt førebyggja verdien av aktivitet, både sosial og fysisk aktivitet.

Prosjektgruppa har bestått av sjukepleiar Britt Nelly Hystad Barane, ergoterapeut Anna Lise Sortland og feiarsvenn Hildegunn Gram.

Prisen er kr 10 000 og eit kunstverk med verdi inntil kr 10 000,- som var delt på dei to prosjekta.

Bilete: Sara Brosvik, Juni Mehammer, Harry Herstad, Britt Nelly Hystad Barane, Hildegunn Gram og Anna Lise Sortland. Foto: Annlaug Tenold.