Rektor Bente Eide framfor elevar, tilsette og gjester i trappeamfiet.– Etter 30-40 års tenking og eit par års bygging erklærer eg Nordbygdo ungdomsskule for offisielt opna, sa Magne Rommetveit og klypte snora.   

Den tidlegare ordføraren nytta samstundes høvet til å gratulera alle med den mest moderne skulen i landet, og å bringa vidare ei flott helsing frå undervisningsminister Kristin Halvorsen.

– Den nye skulen har blitt eit komplett og flott anlegg. Kven hadde trudd det då me treftest på bakkane her for to år sidan?

Talar og underhaldning

Magne Rommetveit klypper snora.Opninga av Norbygdo ungdomsskule vart vidare markert med mange flotte talar, elevinnslag og overrekking av gåver til den nye skulen.

Prosjektleiar Kjell Nesbø fortalde om prosjektet og takka alle involverte, medan prosjektansvarleg Atle Bjørn Mæhle trekte dei historiske linene attende til fyrste gong skulen var føreslått ein gong på 60-talet.  

–Ta skulen i bruk

Ordførar Liv Kari Eskeland trekte i talen sin fram kor viktig det er å gi ungdom dei beste vilkår for læring og utvikling. Ho slutta av me ei oppmoding til elevar og tilsette om å ta skulen i bruk og fylla han med innhald.  

Ordføraren minna også om at bygget ikkje berre ein skule, men også kulturhus og samlingsstad med både helsestasjon og bibliotek.

Seinare på ettermiddagen inviterte Nordbygdo ungdomsskule til open skule. Dagen vart avslutta flott fyrverkeri i regi av Foreldrearbeidsutvalet.

Elevar som dansar i ein korridor

Bileta:

Øvst: Rektor Bente Eide får overlevert skulenøkkelen av ordførar Liv Kari Eskeland 
Midten: Rektor Bente Eide framfor elevar, tilsette og inviterte gjester i "trappa".
Midten: Magne Rommetveit klypper snora og erklærer skulen for offisielt opna.
Nedst: Elevane på skulen dukka opp overalt medan dei framførte eit felles dansenummer.

Alle foto: Camilla Larsson