På nettstaden helsenorge.no finn du ei samla oversikt over helse– og omsorgstenestene du brukar, inkludert tenestene du får i heimen din. Her kan du frå 1. april senda meldingar til fysio– og ergoterapitenesta, frisklivsentralen og heimerehabiliteringsteamet i tillegg til heimetenesta.

På helsenorge.no kan du sende og få meldingar frå tenestene i kommunen. Du kan avbestilla besøk eller avtalar du ikkje treng.

Meldingane du sender på helsenorge.no kan erstatta beskjedar og spørsmål som du fram til no har gjort pr. telefon, papir eller andre måtar.

  • Når du kontaktar helse og omsorgstenesta i di kommune via helsenorge.no vil dei svare via helsenorge.no.
  • Du kan forventa å få svar første virkedag etter at du har sendt ei melding.
  • Meldingane frå deg blir berre lest av tilsette i helse og omsorgstenesta som har lov til å sjå opplysningar om deg.
  • Du vil få varsel om nye meldingar til deg på tekstmelding eller e-post, avhengig av kva du føretrekk.

Korleis ta i bruk helsenorge

Du må logga deg inn på helsenorge.no. Her må du bruke bank ID eller tilsvarande når du loggar inn grunna sikkerheit. For å bruka tilbodet må du ved innlogginga akseptera bruksvilkåra. Frå du aksepterer bruksvilkåra vil det ta ein dag før du kan bruka det nye tilbodet på helsenorge.no Det er og mogleg å gi andre fullmakt til å bruka tilbodet på vegne av deg. Her finn du fullmaktsskjema. Dette kan også gjerast på helsenorge.no. Du avgjer sjølv kva personar du ynskjer å gi fullmakt til.

Her finn du fullmaktsskjema til Helsenorge. Dette kan også gjerast på helsenorge.no. Du avgjer sjølv kva personar du ynskjer å gi fullmakt til.

Her kan du lasta ned brosjyre i pdf 

Videoar:

https://www.youtube.com/watch?v=ZhU5nwkPbXA 

https://www.youtube.com/watch?v=_leqgoeDTQQ

Les meir om DigiHelse på www.helsenorge.no eller www.ks.no.