Person som skriv i kondolanseprotokollenFakkeltoget enda ved Storddøra der folk tende lys og la ned blomar. Mange skreiv også helsingar i kondolanseprotokollen som ordføraren hadde med seg.

Ordføraren var blant fleire som heldt appell ved Storddøra.

Det var dei to ungdommane Cathina Hjertholm Fossum og Line Vad som hadde teke initiativ til markeringa.

Bildet: Ein av dei mange som skreiv i kondolanseprotokollen under minnemarkeringa.

Ordføraren sin appell:

Minnemarkering 25.07.2011

Sjokk og vantru slo innover Noreg 22. juli i år. Deretter kom sorg og sinne, vonbrot, angst, og ordlaus fortviling. Så vakna nestekjærleiken, og no står heile Noreg samla rundt dei som vart råka av tragedia på Utøya og i regjeringskvartalet. For heile Noreg er råka av dette terrorveldet som utspant seg, og over heile Noreg markerer me i dag medkjendsle og sympati, men og djup fortviling og sorg over at noko slikt kan finna stad.

I dag er alle faklar i landet tende. Me tenner dei i sorg, men også fordi me har tru og håp om at slike mørke krefter aldri må få utspela seg på denne måten att.

Tre dagar har flagget vaia på halv stang ved rådhuset og på flaggstenger over heile landet. Tre dagar, der nyheitsmeldingane har rulla over tv-skjermen og avdekka stadig nye grusomheiter.

Me har gjennomlevd stadier med sjokk, vantru, harme, sinne, og sorg, medkjendsle, hjelpeløyse – og så – etterkvart mot og eit krav om at dette finn me oss ikkje i.

Dette er eit brot på menneskeverd og menneskerettar og på mennesket sjølv som me skal bekjempa og stå saman om. Me skal stå saman der demokrati, empati og samhald skal føra oss vidare. Slik sett vert me styrka som nasjon sjølv om me har mista så alt for mange av dei fremste som nettopp skulle føra desse verdiane vidare.

Samla sett er hendinga den 22.07 ein nasjonal tragedie. Og det ligg skjebnar bak kvar einaste av dei døde som er talt opp. Kvar har ei mor, ein far, familie og vener. Det er omfanget som gjer det så uhyggjeleg, så rystande. Det var grusomheten i handlinga som gjer det så uforståeleg for oss alle.

Arbeiderpartiet og ungdomsorganisasjonen AUF er blitt hardt råka. Unge idealistiske menneske var samla til fredeleg politisk arbeid og fellesskap på Utøya, av statsministeren omtala som eit paradis på jord. Ungdom som var samla i trua på, og medvitne om at politisk engasjement er viktig for andre menneske si framtid.

Då angrepet kom, var dette eit angrep – ikkje berre på ungdomen, men på demokratiet sjølv. Difor er angrepet på AUF og Arbeiderpartiet også et angrep på all idealistisk politisk verksemd. Derfor hadde AUF sin leiar så rett då han laurdag sa at ”i dag er vi alle AUF’ere”. AUF og Arbeiderpartiet sin tragedie er blitt vår alle sin tragedie.

Vona er at me ikkje synk ned i vonløysa, men nyttar dette til å vise at Noreg, tufta på sitt demokrati og sitt folkestyre, ikkje let seg knekka av denne type handlingar. Vis det gjennom viljen til å delta i meiningsfulle politiske diskusjonar som fører demokratiet vårt framover. La oss visa at me har tru på demokratiet, og slutta opp om det valet me skal gjennomføra den 12. september. Dette vil gjera oss sterke.

I mellomtida skal me ta vare på dei som vart direkte råka. Dei som har familie og vener blant dei døde. Me skal ta vare på kvarandre, på empatien, menneskekjærleiken og omsorga for kvarandre.

Til initiativtakarne her i dag vil eg retta ei stor takk, det same til dykk som tok dykk tid til å delta. Kondolanseprotokoll er lagt på bordet her, der ein kan vise sin respekt for dei som ofra livet.

Ordførar Liv Kari Eskeland