Statssekretær Jakob Bjelland kom med flyet frå Oslo og hadde i bagasjen med seg ein bodskap som lufthamna har venta og håpa på i lang tid;

"I etterkant av pandemien har det kommersielle flyrutetilbodet mellom Stord og Oslo blitt svekka. Dette har medført lokale ønske om at flyruta blir inkludert i FOT-ordninga for å sikre eit føreseieleg flyrutetilbod. Regjeringa har merka seg dette og ruta vil bli ein del av utlysinga med avtaleoppstart 1. april 2024."

Dette vil seie at det det er venta minst to rotasjonar på strekninga Stord - Oslo v.v. 6 dagar i veka. Kontrakten på anbodsruta vil gjelda 3 år fram i tid, altså til april 2027.

- Arbeidet med å sikra ein god nok frekvens på flyruta i perioden fram til 1. april neste år, er allereie godt i gang. Håpet er at ei avklaring på dette kjem på plass snarast råd, seier lufthamnsjef Jan Morten Myklebust.