Etter litt kort informasjon var deltakarane kopla to og to, og kunne sette seg for sjølv. Praten gjekk lett, og tilbakemeldingane var at dette var kjekt. 

Fleire sa at dei gjerne skulle fått meir tid i lag, telefonnummer vart utveksla. Me fekk også høyre at koplingsarbeidet var bra, «tenk, me har så mykje til felles!», sa minoritetsspråkleg rådgjevar Borghild Gullberg Bakka.

Dialogmetoden «Folk møter folk» er utvikla av Arendal voksenopplæring, og har henta inspirasjon frå eit bibliotek i Sverige, som i tillegg til å låne ut bøker, også lånte ut svenskar til flyktningar og innvandrarar.

Folk møter folk - dialogmøter med utspring i Arendal | IMDi