Frivilligsentralen skal vidareførast som ei kommunal avdeling under eining for kulturtenester, og driftstilskotet til sentralen for 2016 vert overført til eininga.

Positivt for prosjekt

Dagleg leiar ved Stord Frivilligsentral Nina Lovise Langeland (foto: Emma Ölander Aadland).Allereie før vedtaket i kommunestyret hadde kommunen arbeidsgjevaransvaret for dagleg leiar i Stord Frivilligsentral. Frå 1. januar i år er det Nina Lovise Langeland som har fungert i denne stillinga, og ho ser fleire fordelar med at sentralen skal drivast i kommunal regi.

- Sentralen og kommunen har allereie fleire prosjekt der me jobbar saman, og eit tettare band vil vere positivt for desse prosjekta og tenestane dei resulterer i.

Per i dag er frivillige gjennom Frivilligsentralen i samarbeid med Tilrettelagt fritid med å arrangerer eldretreff i Stord kulturhus og i Buneset. Sentralen koordinerer også frivillige til tilbodet for eldre i Sævarhagen. Kommunen og Frivilligsentralen har i tillegg samarbeid rundt tenester tilbydd av heimehjelpa, Frisklivssentralen og kreftkoordinatoren i kommunen.

Tre kommunale sentralar i Sunnhordland

På sikt håpar Langeland at sentralen kan samlokalisere med andre relevante samarbeidspartnarar, slik at ein kan få drive i eit større lokale med meir plass for aktivitetane og prosjekta som ein jobbar med.

- Me har om lag hundre frivillige på Stord som vert koordinert til ulike prosjekt og tenester gjennom Frivilligsentralen, opplyser den daglige leiaren.

Av Frivilligsentralane i Sunnhordland er to drive kommunalt, og desse er i Tysnes og Kvinnherad. Fram til no har sentralen på Stord vore drive som ei stifting, som no skal avviklast før drifta vert overført i kommunal regi.

Les meir om kva Stord Frivilligsentral jobbar med på heimesida her.