Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Gjødsling av skog - tilskott

Gjødsling av skog vil bidra til auka karbonopptak og er eit viktig klimatiltak. Skogeigarar kan få dekt 40 % av kostnadene til gjødsling.

Tenesteomtale

Tilskott til gjødsling er eit produksjons- og kvalitetsfremjande tiltak. Ein kan få inntil 40 % tilskott til gjødsling.

Det kan bli gjødsla på eigna areal på vegetasjonstypane blokkebærskog, bærlyngskog, blåbærskog, småbregneskog, storbregneskog og på torvmark med etablert forynging.

Gjødsling blir utført i produksjonsskog med mindre enn 20 % lauv på furudominerte areal med bonitet F8 til F17 og grandomin­erte areal på bonitet G8 til G20. Massen bør ha optimal tettheit og ikkje vere fleirsjiktet. Lavartar bør utgjere under halvparten av marksjiktet.

Sjå òg brosjyre om gjødsling
http://www.skogkurs.no/info/gjodsling_i_skog.pdf

Målgruppe

Skogeigarar

Lover

Sjå § 4 i forskrift om miljøtiltak i skogbruket.

Forskrift om miljøtiltak mv. i skogbruket
Forvaltningsloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Gå til Skogfondssystemet via Altinn for å søkje tilskot. Her blir du bedd om å logge inn. Du finn informasjon om korleis du loggar inn, på nettsidene til Altinn.  
 
Hugs søknadsfristen 15. september.
 
Dersom du ikkje har høve til å søkje digitalt kan du bruke skjema Utbetaling frå skogfond og søknad om tilskot til grøfting og gjødsling (LDIR-910), for å sende søknad på e-post eller som brev.

Saksbehandling

Når kommunen har motteke søknaden, sjekkar dei opplysingane du har sendt inn. Dersom dei har behov for meir informasjon, kan dei be om dette.  
Kommunen behandlar søknaden og fattar vedtak.
Du får svar på søknaden i e-post eller i brev i posten. Dersom du har søkt digitalt, får du svar i din innboks i Altinn.

Saksbehandlingstid

Kommunen/Statsforvaltaren skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når ein meiner at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. Før opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstans er Statsforvaltaren for vedtak gjort av kommunen og Landbruksdirektoratet for vedtak gjort av Statsforvaltaren. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det.

Kontakt

SFLMK

Postboks 83
5418 Fitjar

Avd. Stord

Tlf. 53 49 68 22

Avd. Fitjar

Tlf. 53 45 85 00

Ope 9-15

Tenesta oppdatert: 17.02.2021 18:21