Heine NysætherIdeen om cd vaks fram etter kulturkveldane dei har hatt stor suksess med.

- Det ligg mykje arbeid og øving bak, og det er eit for godt resultat til å bli lagt vekk. Ynskje kom då frå brukarar om å kunne gje dette ut, seier Kristin Selsås Heggøy frå Hamna kontaktsenter.

Mykje av innhaldet på kulturkveldande, og sjølvsagt på cd`en, er materiale brukarar på Hamna er forfattarar av.
Med eit langvarig ynskje om eit eige studio i eininga låg brikkane på plass for å kunna realisera dette. Dette gjekk til med hjelp frå tilsette og vener av Hamna på utstyrsida, samt ein liten pott frå eininga til å innreia og kjøpa utstyr til studioet.

Rommet som no er innreda til lydstudio tilhøyrer eininga Psykisk helse og rus og er tilgjengelig for fleire avdelingar enn Hamna kontaktsenter, f.eks Maris. Bruken er allereie stor. Det er ca 30 involverte personar. Dette er stort sett brukarar, men og generøs innsats frå vener av Hamna, og tilsette.

- Innhaldet på cd`en er tekstar skrevne av Hamna sine brukarar, samt coverlåtar med innhald som me opplever seier noko om oss på Hamna, tekstar med eit innhald me kjenner oss igjen i, seier Heggøy.

Den offisielle utgjevinga for cd`en blir på Hamna si årlige Julemesse. Julemessa med like stort innhald og dyktighet som cd`en. Her blir det produsert store mengder handarbeidsprodukt som vert for sal denne dagen og fram mot jul. Julemessa vil ha musikalske innslag fleire gonger i løpet av julemessedagen.

- Vanlegvis har julemessa vore arrangert i Hamna sine lokaler, men i år har me inngått avtale med 59 ' Nord på Bytunet om å ha realeseparty og julemessa der. Ei spanande løysning som me håpar og trur vil trekkje enda meir folk, samt det då utfordrar oss i forhold til å opptre for menneske me ikkje møter dagleg, seier Heggøy.

Cd`en vil bli til sals på julemesse og sjølvsagt på Hamna kontaktsenter. Den vil og bli brukt som gåve til samarbeidspartnarar og brukt for å visa aktiviteten og dei enorme ressursane dei har på Hamna.

- Hamna kontaktsenter har satsa stort på dette fordi brukarane etterpør det, og for at det gjev positiv utvikling for kvar enkelt brukar. I tillegg får me jobba vidare med eit produktet mei har brukt mykje tid på å øva inn til kulturkveldane. Utfordringar er å ikkje gje opp draumar, me vil vera ein arena for å gjera draumar til verkelegheit og eigen utvikling, avsluttar Heggøy.

Bilete: Heine Nysæther. Foto: Eirik Sverdrup.