Sjeldan har me fått så mange telefonar om feiing som no. Ganske naturleg, då straumprisane er høge, og fleire og fleire fyrer med ved. Samtidig er det ein godt innarbeidd rutine at ein tidlegare har fått feiing kvart 2. år.

No har me, på lik line med resten av feiarvesena i landet, gjort endringar som fleire har fått med seg og erfart. Intervalla på feiing er auka. Dette er på bakgrunn av at me siste åra har krav om å drive med behovsprøvd feiing. I mange år såg me at me var ute å feia eit stort tal skorsteinar der det ikkje var behov for feiing. Noko som sjølvsagt er heilt unødvendig. Feiaren som i dag har fått endra tittel til brannførebyggjar, førebyggjer brann meir effektivt ved å utføre tilsyn og andre tiltak, enn ved å berre feie.

Me er gått over til eit nytt system der kvar bustad blir risikovurdert utifrå type omn, skorstein, sotmengd og fyringsmønster. Risikovurderinga gir oss eit tilrådd intervall for tenestene tilsyn og feiing i kvar enkelt bustad. Det er difor ikkje sikkert at du og naboen har tilsyn og feiing same år lenger, då risikoen kan vera ulik.

Dersom ein fyrer med god ved, rett trekk og har ein reintbrennande vedomn treng ein ikkje feiing særleg ofte. Dette fordi det blir svært lite sot i pipa. 

Dei fleste fyrer ikkje lenger døgnet rundt, ein brukar tennbrikettar i staden for papir og mange har varmepumpe i tillegg.

 

Det som kan utgjere ein risiko for skorsteinsbrann er ikkje manglande eller dårleg arbeid av feiaren, men rett og slett feil fyring eller fyring med fuktig ved. Ein vil med feil fyring og fuktig ved få ei ufullstendig forbrenning, og sot blir til bek som festar seg i skorsteinen.

Det er sjølvsagt lov å ta kontakt med feiaren om ein er usikker, eller kjenner på at ein gjerne skulle hatt ein sjekk. Me kjem gjerne ut og tar ein kikk i skorstein, og feiar sjølvsagt ved behov.

Har ein kjøpt seg nytt hus kan det og vera greitt at ein etter litt tid tek kontakt, slik at me får teke ei ny risikovurdering av bustaden.