HeddaOrdførar Liv Kari Eskeland syntest dette av var stas, og tok turen oppom fødestova med gratulasjonar, blomar og gåver til den vesle nye innbyggjaren i Stord kommune.

Ordføraren sørga også for at flagget vart heist på rådhuset til ære for den nye innbyggjaren.

Foreldra til innbyggjar nummer 18 000 vart veldig overraska då dei  fekk vita dei gode nyhenda. Dei syntest sjølvsagt det var kjempestas at Hedda fekk besøk av ordføraren.

Foreldra til Hedda heiter Ingvild Marie Grov og Arne Skulstad. Den vesle nye innbyggjaren er barn nummer to i familien frå Lønningsåsen.

Besteforeldra er Leif Arvid og Marit Grov og Elin og Vidar Skulstad. Dei er alle busett på Stord. 

Velkomstgåvene frå Stord kommune som ordføraren hadde med seg til Hedda var kristtornsmykke, kommunepin og sølvskei.

Kulturskulen har også invitert Hedda til gratis deltaking på musikkleik til hausten.     

Bildene: 

Øvst: Hedda saman med mor Ingvild Marie Grov og Ordførar Liv Kari Eskeland 
Nedst: Hedda