I vinter har skuleelevar frå heile Hordaland jobba med problemstillingar og bygd modellar av løysingane sine rundt energisparing og fornybar energi, på oppdrag frå næringslivet. Elevane frå Hystad skule var eit av fire lag frå Sunnhordland som deltok i fylkesfinalen, og deira løysing med å nytta "sjøcellepanel" for å utvinna energi frå havet imponerte juryen i Bergen.

Vinnar frå Bømlo

Forutan Hystad skule presenterte elevar frå Våge skule (Bømlo), Undarheim skule (Kvinnherad) og Sveio skule (Sveio) sine løysingar i fylkesfinalen. Elevane frå Våge skule på Bømlo tok heim sigeren med løysinga si for framtidas vegbelysning. Bidraget deira er nominert til den nasjonale SMART-ing prisen som vert kåra i juni.

Dette er fjerde av fem gongar at ein skule frå Sunnhordland vinn fylkesfinalen.

Bilete på topp: Vinnargruppa frå 6. klasse ved Hystad skule under den lokale konkurransen på Stord 26. mars (Silje Marit Standal, Maria Ellingsen Eidesen, Svein Koløen Sandvik, Marius Hammersland Louriero og Hedda Eide).