Stord kommune har som mål å vera Miljøfyrtårn og arbeider med sertifisering etter hovudkontormodellen. Hovudkontoret er definert som rådhuset, og einingane elles er anten definert saman med andre i same lokasjon, eller som einskild eining.

Stord kommune skal aktivt arbeida for å fremja miljøvenlege tiltak med mål om lågast mogleg påverknad på ytre miljø. Som sertifisert Miljøfyrtårn oppfyller alle einingar i kommunen kriterier fastsett av stiftinga Miljøfyrtårn og gjennomfører tiltak for ei meir miljøvenleg drift og godt arbeidsmiljø.

Områder det vert gjort miljøtiltak i:

  • Innkjøp
  • Arbeidsmiljø
  • Transport
  • Avfall
  • Energi