Forskriftene som skal følgje lova er under arbeid i Kunnskapsdepartementet. 

Spørsmålet om gratis leksehjelp i Stord kommune vart handsama politisk i samband med budsjettrevisjonen i mai, og det vart ikkje gitt løyvingar til leksehjelp i 2010. Føresetnaden er difor at skulane i Stord sett i verk tiltaket frå januar 2011.