I kommuneplanen for 2010-2021 er det fastsett eit gjennomsnittleg behov av 150 bustadar per år. Stord kommune har i perioden 2009-2013 gjeve løyve til oppføring av om lag 700 bustadar.

Tilstrekkeleg kapasitet

Oversikt over geografisk fordeling av nybygde bustadeiningar er til stor hjelp når kommunen legg strategiar for å ha tilstrekkeleg kapasitet innanfor skule- og barnehagesektoren i framtida.

- Bustadutbygginga på Tyse og fleire byggjeklare tomter i området grunngjev at ein no byggjer ny barnehage på same stad, seier einingsleiar ved Regulering, byggesak og oppmåling i Stord kommune, Lovise Vestbøstad.

Sjå kart med oversikt over utbygginga i kommunen i perioden 2009-2013 (på kartet manglar eitt hus på Huglo som er bygd i perioden).

Bilete på topp: Utbygging av nye bustadar på Tyse.