Modellen legg til grunn at brukaren sjølv får velja bustad på grunnlag av kriterier som plassering og utforming, og at ein skaffar bustad utan å måtte gå vegen om rehabilitering og butrening først. Metoden var ein suksess, og er no ein del av rutinen til Bustadsosialt team (tidlegare PROBIS) i eining for psykisk helse og rus.

Den 7. februar 2024 var ambassadøren for Housing First, Rokus Loopik, på besøk saman med eit team frå Amsterdam. Loopik har vert eininga sin mentor sidan 2011. Dette er det fjerde besøket til Stord, første gang var i 2011.

Eg vart overraska over effektiviteten deira, dedikasjonen og staheita til å halde fast ved metoden, og dynamikken til Housing First. Dei gjer sitt ytste for å halde folk heime, til tross for alle dei daglege dilemmaa som kjem på bordet deira, seier Rokus Loopik i bloggen sin.

Bustadsosialt team jobbar oppsøkjande mot dei vanskelegstilte i bustadmarknaden. Dei har fokus på at tilbodet dei gjev er einskapeleg, og jobbar derfor i team for å vera ein ambulant teneste. Teamet har ein NAV-rettleiar og ein vaktmeister på laget, noko som er ein stor ressurs. Stord kommune har per dag dato ingen bustadlause.

Nøkkelen til det fantastiske resultatet er eit team som er tru mot modellen, ein aktiv bustadkoordinator, ein folkesjef, ein bunnfast teamleiar, fantastiske lidenskapelege arbeidarar og eit politi som har eit velutvikla verds- og menneskeleg syn på psykiatri og avhengighet. Det er eit godt eksempel på eit delt oppdrag og nettverkstilnærming. Stord er på min liste over topp 5 Housing First Teams i Europa. Glad for å dra tilbake i oktober 2024 med 15 Nurse Practitioners frå Nederland, avsluttar Loopik.

Stord kommune vart med i prosjekt for modellen “Housing First” i 2014. Prosjektet var i regi av Husbanken og Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA).

Sitat på engelsk

Henta frå Loopik sin blogg:

"It takes Nordic Stubbornness to practice Housing First
It was the year 2011 that I traveled to Stord, Norway for the first time. It’s 2024 and I can add about four more visits to this City/Island that counts approx 20.000 souls. They do not differ from any other city and are dealing with similar ‘city issues’.

Yesterday we spent a day with their Housing First Team. They adopted this method after joining the Gras/Loopik Learning Experiences to the USA. 
And I was flabbergasted by their effectiveness, dedication and stubbornness to stick to the method and dynamics of Housing First. They do their utmost to keep people housed, despite all the daily dilemmas that come to their table.

The Stord Municipality in Norway has banned homelessness from their town. Key to that amazing result is a team that stays true to the model, a great and always active Housing Coordinator, a people’s manager, a rock steady team leader, wonderful passionate workers and a police force that has a well-developed world- and human view on psychiatry and addiction. It’s a great example of a shared mission and network approach. Add all these ‘ingredients’ into a community-oriented-local-policy and success will come your way.

Stord is on my list of top 5 Housing First Teams in Europe. Happy to go back in October 2024 with 15 Nurse Practitioners from the Neds."

It takes Nordic Stubbornness to practice Housing First - without community no recovery (rokusloopik.com)

Stord publiserer teksten med godkjenning av eigar.